Ekskursjonen godt i gong.

I morgontimane i dag var det storinnrykk i Stordalshallen, då årets skiekskursjon frå Spjelkavik videregående skole starta opp. På dagsprogrammet stod m.a. omvisning ved Stordal Møbler og tur til Stavsengfjellet.
Etter at innkvarteringa av dei om lag 100 elevane var ferdig var det tid for ei orientering inne i gredasalen.

På programmet i dag stod det tur til Stavsengfjellet for mange, men det var også ei større grupper elevar, som fekk høve til å vitje Stordal Møbler, for å få eit innblikk i møbelproduksjonen her i Stordal. Elevane fekk først ei orientering av disponent Ole Håvard Stavseng, før dei fekk vere med på ein rundtur der dei fulgte prosessen heilt frå produktutviklingsstadiet og heilt fram til det ferdige produktet. Det er ikkje til å legge skjul på at både elevar og lærarar vart mektig imponerte over det dei fekk sjå og høyre. Med på omvisninga var både utanlandske og norske elevar (og lærarar sjølvsagt)

Etter at den flotte omvisninga ved Stordal Møbler var ferdig rakk ein også ein snartur innom Stordal Ungdomsklubb og det var mange av dei unge som hadde lyst til å vere der lengre, for å prøve ut alle dei ulike tilboda der. Men i og med at det er eit tettpakka program for elevane under opphaldet, får det bli ein annan gong.

NRK Møre og Romsdal var også på plass for å lage reprotasje og kanskje vil denne kome med på sendinga alt i kveld? I tillegg til å gjere opptak i Stordalshallen var reportaren også med elevane vidare til Stavsengfjellet, der det m.a. skulle vere grunnleggjande skiinstrukjson. I skrivande stund er nok elevane på veg ned att frå fjellet og då ventar eit godt måltid mat, før kveldsprogrammet startar, med mellom anna instruksjon i klatring, skyting og trampoline og mykje, mykje meir.

Vi kjem attende med fyldig reportasje etterkvart.

(Eit anna lite poeng er at Stordalshallen denne gongen kunne by på flunkande ny flatskjerm i foajeen og projektor i taket i grendasalen! Eigen reportasje om dette kjem også med det første)

Les meir ved å fylje lenkane nedanfor.



Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove