Nytt flott NRK-innslag!

Spjekavik videregående skole sin ekskursjon er no inne i dag to og vi prøver etter beste evne å dekkje det innhaldsrik opplegget elevane får vere med, på i løpet av dei tre dagane dei vitjar oss.
I reportasjen frå i går, kom det m.a. fram at NRK Møre og Romsdal laga innslag i høve det heile og for den av dykk, som ikkje fekk med seg dette viser ein til lenka nedanfor. Ved å gå inn på denne kan du sjå lokalsendinga frå i går kveld.

Vi har tidlegare skrive litt om dagsprogrammet første dagen av ekskursjonen. Her presenterer vi litt bilder og tekst, for å beskrive litt av alt det som stod på kveldsprogrammet.

Etter å ha inntatt "verdens beste grilla kylling", frå COOP i Stordal (sjølvsagt subjektivt vurdert, men truleg sant..) var det klart for det omfattande og varierte kveldsprogrammet. Noko av høgdepunkta var, som vanleg instruksjonopplegga i klatring, skyting og trampoline. 10 instruktørar frå Klatreklubben, Trampolinegruppa og Stordal Skyttarlag, tok han om dette. I løpet av den nesten 4 timar lange økta i går kveld og ei tilsvarande økt i kveld, vil alle dei 100 deltakarane ha fått vore med på alt. Ein kjempeflott innsats av dei alltid like positive instruktørane!

Samstundes med instruksjonopplegga, var det også eiga basketballturnering og landhockeyturnering. Vidare var det bordtennis og sjonglering (sirkusøvingar). Gjestane våre fekk også gleda av å vere dei fyrste til å teste ut det nye minigolfsettet vårt. Dette såg ut til å slå godt an og er veleigna til bruk t.d. i grendasalen. Her kan ein, om ein vil, også køyre eigne turenringar.

Etter all denne aktiviteten smaka det naturlegvis ekstra godt med kveldsmat, men tru ikkje at gjestane våre fell til ro etter dette, sjølv om klokka nærma seg midnatt. Knapt før maten hadde fått tid til å synke ned, var det på tide med meir turneringsspel. For ei som ynskte å roe litt ned. kunne det passe med DVD-film på storskjermen i grendasalen, kikke på TV i foajeen, eller rett og slett berre sette seg ned og prate saman. Ikkje minst denne delen av eit slikt opplegg er supert, der ungdom frå fleire ulike land kjem saman og gjer så mykje kjekt saman.

Heile tida er det sjølvsagt også ein heil del fellesoppgåver som skal utførast, i og med at det ikkje er slik at ein kan "gå til dekka bord."

Lærerikt? Ja, utan tvil! Eit minne for livet? Ja, ganske så sikkert.

Vi kjem attende med fleire reportasjar.

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove