|
|
|
|
Dagsprogrammet på onsdagen også vellukka.
I dag har hovudtyngda av elevane vore på ski til Fokhaugstova og sjølv om veret ikkje var det aller beste, kan Olav Grønningsæter melde at alle saman hadde ein flott tur. I tillegg har ei større gruppe med elevar vore i aktivitet nede i Stordal.
Ved Fokhaugstova laga elevane seg leir, med bål og elles lærte dei meir om dette med å opphalde seg i fjellet, vinters dag. Korleis ein kan lage seg ly for ver og vind, vurdering av rasfare o.l. stod også på programmet.
I og med at veret ikkje viste seg frå si beste side i dag, var det nok mange som også sette pris på å kome attende til Stordalshallen og på seg tørre og varme klede.
Dei som ikkje var med på fjellturen, fekk først vere med på ei interessant omvisning ved stampa i Stavåna. Det var Harald Jøsvoll, som var guide der. Kjekt var det også at Sander van Zwieten stilte opp. Begge disse karane har vore sentrale i arbeidet med å restaurere stampa og i og med at Sander er ein av mange tilflytta nederlendarer, fekk elevane omvisning både på norsk og nederlandsk. (les meir om stampa, ved å fylje lenka nedanfor)
Etter opphaldet ved stampa, gjekk turen vidare til Placement i Stordal sentrum. Der stod Gert Rietman klar til å ta imot. Til liks med besøket i fjor, vart dette særs gjevande og midt i blinken for dei prosjekta elevane jobbar med. For å få til ei best mogleg orientering vart den om lag 40 personars store gruppe delt i to. Gert Rietman gjorde nærare greie for rekrutteringsprosjektet, som har vore så vellukka og kom elles inn på mange interessante poeng. Eit av dei presenterer vi her: Om ein t.d. ser på befolkningstettheita i dei to landa og samanliknar, ville det bu 125 millionar menneske i Norge, om tetteheita skulle vere den samme her, som i Nederland. På tilsvarande vis ville det bu berre om lag 700 000 i Nederland, om tettheita var den samme som her hjå oss! (I Norge nærmar vi oss vel 4,8 millionar, medan det i Nederland bur nærare 17 millionar!)
Nokre elevar var i tillegg innom kommuneadministrasjonen og fekk m.a. intervjuve teknisk sjef for å få vite meir om korleis kommunen gjer det i høve til gjenvinning av avfall.
Det er ikkje til å leggje skjul på at omvisningane både på tysdag og onsdag var særs flotte og det er på sin plass å rette stor takk, både til Stordal Møbler, Placement, karane ved stampa og dei hjå kommuneadministrasjonen som stod til teneste. Etter tilbakemeldingane å dømme, er det liten tvil i at elevar og lærarar sette stor pris på det dei fekk vere med på.
I kveld er det "full pakke" att i Stordalshallen og i morgon står altså eit dagsopphald ved Arena Overøye for tur!
Sjå lenker til både Placement, Stordal Møbler, Arena Overøye og meir om stampa, nedanfor.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
|
|
Stordalshallen
|
|
|
|
Postboks 115
|
|
6259
Stordal
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70279123
|
|
Mobil
|
:
|
90949358
|
|
|