Endeleg sol!

Tredje og siste dag for ekskursjonsdeltakarane no og for ei avslutning dette kjem til å bli! Etter eit par dagar der sola har "glimra med sitt fravær", vil gjestane i dag få ei unik oppleving ved Arena Overøye.
I skrivande stund er den 100 talls store gruppa i ferd med å pakke seg ut av Stordalshallen og så går turen til Overøye. Der vert det høve til å få prøve ut både snøbrett og ski og ikkje minst også få seg ein velfortent pause i solveggen, innimellom. (les om forholda på nettsida. Lenke nedanfor)

I går kveld var det, som kvelden før, stor aktivitet. I tillegg til dei fire timane med instruksjonsopplegg, vart det også lagt inn eiga volleyballturnering. Dette var også kvelden då lærarane (4 frå Spjelkavik, 3 frå Amersfoort og 2 frå Dublin) fekk prøve seg både i klatreveggen og på skytebana. Langt på natt (om lag kl 01.30) var det også tid for premiering av dei som hadde vunne dei ulike konkurransane i løpet av opphaldet. Stordalshallen sin eigen buff, var noko av det vinnarane fekk med seg. Også lærarane fekk kvar sin buff, som eit lite minne om opphaldet her.

Det er særs kjekt å kunne meddele at både lærarar og elevar har sett stor pris på det dei har fått vere med på i løpet av opphaldet her i Stordal. Dei trekkjer spesielt fram den store gjestfriheita dei er blitt møtt med over alt og ynskjer å formidle ei stor takk til alle dei som har vore med og bidratt til at opphaldet er blitt så vellukka.

På samme viset kan ein slå fast at tilbakemeldingane frå såvel instruktørane, som dei som har hatt gleda av å ha elvar og lærarar på besøk, er like positive. Gjestane har oppført seg eksemplarisk frå første stund og det er elles ganske så imponerande å vere vitne til kor flott dei har løyst utfordringa med at så mange bur så nært innpå kvarandre, over så lang tid.

For meir om opphaldet, viser ein til fleire reportasjar på nyhendesida vår. Etterkvart vil det også bli lagt ut mange fleire bilder i galleriet vårt.

Vi vil med dette nytte høve til å takke alle dei som har vore med på å legge til rette for at våre gjestar skulle få eit perfekt opphald her og sjølvsagt takkar vi våre venner frå Spjelkavik, Nederland, Irland, Italia og Tyskland. Vi håper det vert ein flott dag på Overøye og at turen heim går fint.

Velkomen attende neste år!
Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove