Informasjon Publisert 26.01.2012
Kretssamling alpint 26.-28.aug. Deltakarar

I går var det nøyaktig 15 år sidan den fantastiske opningsfesten i Stordalshallen. Laurdag den 25. januar 1997, var heile idrettshallen fullsett. I tillegg til at alle i vår kommune var på plass, var det også mange inviterte gjestar utanfrå. For fem år sidan hadde vi stor markering av at Stordalshallen runda 10 år og om vi ikkje legg opp til like omfattande feiring no, er det uansett på sin plass å markere dette med ein reportasje.  

Informasjon Publisert 26.01.2012
Kretssamling i hopp, 6 - 8 jan 2012, deltakarane

Hoppgruppa i Stordal IL stod som arrangør då hopparar frå heile fylket deltok på samling frå fredag 6. t.o.m søndag 8. januar. Ansvarleg for samlinga var Olav Magne Dønnem og det vert rapportert om særs gode forhold i Fjellbakken og at deltakarane også elles hadde ei flott samling her, der dei hadde base i Stordalshallen mellom øktene i bakken.

Informasjon Publisert 24.01.2012
We Will Rock You

Vi har fått oppleve mykje flott og spektakulært i Stordalshallen opp gjennom åra, men mykje tyder på at denne oppsettinga vil verte heilt unik. Over 40 ungdomar frå heile Storfjord-distriktet, saman med friviljuge vaksne, er med og førebuingane har pågått i mest eit heilt års tid.

Informasjon Publisert 20.01.2012
Årsfest 2012 - Gunn Janne, Harry og Rune

Vi startar nedteljinga til ei av dei store hendingane i løpet av året, her i Stordal, når det no berre er fem veker att til Årsfest for Stordalshallen. Det er grenda Dyrkorn som er arrangør denne gongen og etter rapportane å døme er dei godt i rute.

Informasjon Publisert 18.01.2012
Zumba med Reidun, sept. 2010

Endeleg er det klart for zumba igjen! På førstkomande måndag (23. januar) startar ein opp att og dermed er det berre å hive seg rundt og melde seg på!

Informasjon Publisert 18.01.2012
Helselagsbasar 2011 - Stas når hornmusikken spelar

Førstkomande fredag (20. januar) er det klart for stor basar i Stordalshallen. Det er Stordal Hornmusikklag som arrangerer og i tillegg til tradisjonell basar, lovar dei god musikk og overraskingar!

Informasjon Publisert 04.01.2012
Stordalscup 2011. Full fart ut frå start

Ein kan no presentere ei oversikt over tilbod innan kulturfeltet. Der kjem m.a. også dette med tidspunkt, stad og kontaktperson fram. Dei nye trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen er ein del av denne oversikta.

Informasjon Publisert 03.01.2012
Stjerner i Stordal 2011 - avslutningsnummer saman med Jenny

Om lag 70 barn og unge deltok på scena og nærare 400 på plass i Stordalshallen, då Barnas kommune avvikla tredje juleutgåve av Stjerner i Stordal. Ekstra stas var det sjølvsagt at IDOL-vinnar, Jenny Langlo, deltok.

Informasjon Publisert 27.01.2009
Logo - Google
Stadig fleire finn vegen til Stordalshallen og dei siste åra er det også mange langvegsfarande som har vitja oss. No kan ein lett finne fram ved hjelp av Google Maps.
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Postboks 115
6259 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove