Fotograf: Hallgeir Hove
Ein glad gjeng oppstilt til fotografering framfor klatreveggen. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein del av dei yngste fekk skyte først på søndagen, her viser dei fram blinkane sine. fotograf Hallgeir Hove

Ville ikkje heim.

Idrettsskulen i Velledalen vitja Stordalshallen sist helg. Den om lag 45 personar store gruppa kom på føremiddagen laurdag og fekk med seg mange kjekke aktivitetar før dei reiste heim utpå dagen sundag.
Det var 35 born i alderen frå 8 til 13 år med på turen og naturlegvis satsa dei på full pakke, med instruksjon i klatring, skyting og trampoline. I tillegg vart team-tracken rulla ut og det vart lagt til rette for ulike typar ballspel.

I grendasalen, som også var spisesal, var det rigga opp med bordtennis og i tillegg hadde gjengen laga til ei flott minigolf-løype der. (minigolfutstyret er nokså nytt og sjølv om det kanskje er litt vanskeleg å treffe på første forsøk er det tydleg at dette har felle i smak)

Maten smakar ekstra godt etter ei økt på over 3 timar og ikkje minst er det stas å ete i lag med så mange vener. Stas er det også å kunne kose seg utover kvelden og overnatte saman. Rett nok er det kanskje mjukare og meir behageleg i si eiga seng, men spanande og kjekt er det uansett å få vere med på noko slikt som dette.

Mykje tyda på at både born og foreldre hadde hatt det fint og tilbakemeldingane gjekk m.a. på at dei ikkje hadde lyst til å reise heim.

Stordalshallen har hatt besøk frå denne idrettskulen fleire gongar tidlegare og det er ikkje til å legge skjul på at det er like kjekt kvar gong.

Vi vil nytte høve til nok ein gong å takke for besøket og ynskje velkomen attende ved neste høve.

Liv og Atle Hole tok mange flotte bilder under opphaldet og ein del av disse kan du finne, om du fyl lenka vidare til nettsida i Velledalen, nedanfor.
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove