Kvifor Stordalshallen?
Kvifor skulefolk frå så mange land, nettopp skal besøkje Stordalshallen, lurer du kanskje på? Her kan du lese årsaka til det:
Kvar vinter i nærare 20 år, har Stordal hatt besøk av elevgrupper frå Spjelkavik videregående skole. Heilt sidan opninga av Stordalshallen i 1997 har Stordalshallen vore base i samband med besøka.
Etterkvart som åra er gått har innhaldet på disse ekskursjonane utvikla seg stadig og i løpet av dei siste 10 åra har det heile også fått ein stadig sterkare internasjonal dimensjon. Dette skuldast at skulen har satsa sterkt på dette med internasjonalisering. Spjelkavik videregående skole er nemleg, som den einaste skulen i Noreg, med i ESA (European schools association). Det er skular frå heile 10 europeiske land med der.
Den nærare 40 talls store gruppa som vitja Stordal sist fredag, bestod difor av skuleleiarar og lærarar frå følgjande nasjonar: Skottland, Nederland, Irland, Belgia, Tyskland, Italia, Frankrike, Tsjekkia, Portugal og Noreg.
Dei fleste av disse skulane har alt hatt elevar med på eksursjonane til Stordalshallen i mange år no og elevar frå Amersfoort i Nederland har besøkt oss i over 10 år alt. Det er grunn til å tru at det ikkje er mindre aktuelt med likande besøk i åra som kjem og det også frå dei skulane (landa) som enno ikkje har vore her. I alle fall var det klar tale frå representanten frå Nederland. Elevane derifrå ville vere på plass att, også denne vinteren.
Besøksopplegget:
Gjestane vart tekne imot ved Stordalshallen klokka 19.30. Etter at dagleg leiar hadde ynskt dei velkomne og bydd dei på sirupskjeks frå Holt Gardsmat, kaffe og andre forfriskningar, fekk dei oppleve Jenny Kristin Langlo på scena. Det er liten tvil i at jenta imponerte forsamlinga. Jenny skriv som kjent tekstane sine sjølv og lagar også melodiane til og det er høg klasse på dette.
Etter at Jenny hadde motteke sin velfortjente applaus og fått overrekt gåve frå Spjelkavik videregående skole og frå Stordalshallen (t-skjorte naturlegvis), presenterte dagleg leiar noko av alt det elevane får oppleve i samband med ekskursjonane hit til Stordal. Omlag 50 bilder vart synt fram på storskjerm og etter beste evne vart bilda kommenterte på engelsk. (for den som har lyst til å vite meir om dei unike ekskursjonane, viser ein til reportasjar frå tidlegare. Sjå lenker nederst) Vaktmeister Einar K Hove og Jan Roger Hauge vart også presenterte for gruppa. Dei to er også sentrale i samband med opphaldet ved Stordalshallen kvar vinter, der målet sjølvsagt er at gjestane skal ha det best mulig.
Etter at presentasjonen var over, gjekk turen til skytebana. På vegen dit fekk dei også kikke inn i idrettshallen, der KM for gutar 14 år var i full sving. På skytebana fekk alle Stordalshallen si t-skjorte og det vart også teke gruppebilde.
Så gjekk turen vidare til Rosekyrkja, der Kristofer Olai Ravn Stavseng var klar til å guide gjestane. At Kristofer Olai kan det meste om Rosekyrkja, er det ingen som helst tvil i. At han også vart mistenkt for å vere engelsk, seier vel det meste om innsatsen hans. Det var rett og slett suverent det han framførte og sjølv om det stod meir på programmet denne kvelden, var det ingen som hadde det travelt med å kome seg vidare. Gjestane hadde fleire spørsmål å kome med og Kristofer besvarte dei på "strak arm" og i tillegg hadde han også sine eigne tolkningar og antagelsar på kvifor målaren hadde laga enkelte av motiva i kyrkja, nettopp slik som han hadde gjort det. (I og med at det naturleg nok ikkje er belysning der, hadde ein på førehand rigga opp lys. Dette var med på å skape ei ekstra fin stemning inne i den vakre kyrkja)
Siste etappe i samband med opphaldet her, gjekk til Blåtind, der Peder og Kristin Vikenes kunne by på eit herleg måltid mat. For dei som hadde vitja Blåtind tidlegare var det ikkje eingong sett av plass til å smake på sirupskjeksa tildegare på kvelden! Gjestane hygga seg i Vikinghuset fram til omlag kl 01.00, før bussen returnerte til Ålesund.
Vi likar sjølvsagt gjerne å tru at det vi har å by på her i Stordal er av beste merke og mykje tyder altså på at gjestane sette stor pris på det dei fekk vere med på. Stordalshallen set sjølvsagt særs stor pris på det nære og gode samarbeidet med Spjelkavik videregående skole og legg ikkje skjul på at ein er imponert over det skulen har fått til gjennom sitt internasjonaliseringsprogram.
Vi gler oss alt til veke 10 og til ein ny stor delegasjon med elevar og lærarar kjem hit til oss. Kanskje er det då med elevar frå endå fleire nasjonar?
Sjå fleire bilder i Stordalshallen sitt eige bildegalleri.