Både ved Placement og ved Stordal Møbler vart elevar og lærarar særs godt mottekne og omvisningane/presentasjonane vi fekk vere med på der var eineståande.
Eit artig poeng var det sjølvsagt at det både ved Placement og ved Stordal Møbler vart gitt orienteringar både på norsk og nederlandsk. Ved Placement var det Janet Roelofs som orienterte og presenterte mykje interessant på skjermen. For at elevane skulle få best mulig utbytte køyrde Janet like godt orienteringa to gongar og då slik at ho tok imot eine halvparten av dei først. Kjempeflott!
Ved Stordal Møbler var det Freddy Hanssen og Bert de Haan (opprinneleg frå Nederland) som tok seg av presentasjonen og omvisninga. Her vart gruppe del opp slik at dei nederlandske fekk vere med Bert rundt og dei norske tok Freddy med seg. Også opplegget ved Stordal Møbler var særs profft, noko ein såg att på elevane som både virka nysgjerrige og engasjerte.
Både Janet og Freddy peika på at det var ein flott gjeng med elevar og at dei sette stor pris på måten dei var på.
Vi nyttar høve til å takke både Placement og Stordal Møbler for at dei var så positive til å ta imot gruppene.
NB! Vi har sjølvsagt lagt ut ei rad kjekke bilder frå dagsprogrammet i Stordalshallen sitt eige bildegalleri. (Sjå lenke nedanfor)
Om du vil kan du også vitje nettsidene til Placement og Stordal Møbler. (lenker nederst)