Seks nasjonar representerte!

Kveldsprogrammet i Stordalshallen tysdag 9. mars, vart akkurat så innhaldsrikt og vellukka, som ein hadde grunn til å håpe på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.03.2010

Det var verkeleg internasjonalt snitt på det heile, i og med at det var med elevar frå heile seks ulike nasjonar. Det var om lag 110 elevar i sving og i løpet av kvelden deltok det totalt 10 instruktørar. Jens Åge Øvrebust (Stordal skyttarlag) tok hand om skytinga, Pål Bjørn Øvrebust instruerte ved trampolina, medan Eli Søvik frå klatreklubben hadde med seg Mari, Malene, Gunnar, Jan, Geir Ola og Kristian. I tillegg var Olav og Robin av lærarane også i sving.

Frå kl 1900 til kl 2300 pågjekk instruksjonen i klatring, skyting og trampoline. Samstundes vart det køyrd basketballturnering og innebandyturnering i dei andre sal-delane. Etter kveldsmaten var det så klart for fotballturnering til langt på natt. Ein del rakk også å få testa ut skuddstyrken sin på skuddlaseren. Ein av elevane frå Nederland fekk kula opp i 104 km/t. Det skal bli spennende å sjå om nokon klarer å skyte hardare i kveld.  

I grendasalen var det høve til å spele bordtennis, spele musikk, nytte seg av lap-top og storskjerm, ta eit slag kort og mykje anna. Slik som tidlegare var elevane inndelt i grupper, kvar med sine oppgåver. Dette såg ut til å fungere særs godt og det er eigentleg grunn til å misunne denne gjengen og alt det dei får oppleve saman. 

Sjå Stordalshallen sitt bildegalleri, for fleire bilder. (lenke nedanfor)

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove