Ski, verdsarv og overvåking.

Det er ikkje til å unngå å skrive nokre få ord, også om dagsprogrammet (onsdag) i samband med Spjelkavik videregående skole sin ekskursjon her hjå oss. Sjølvsagt var det innlagt skitur for idrettselevane, men i tillegg fekk dei som hadde andre tema for opphaldet vere med på to flotte opplegg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2010

For idrettselevane vart, som tidlegare skrive, første dagen nytta til grunnelggjande skiopplæring ikring Stordalshallen. I dag derimot, gjekk turen til fjells. Målet var Fokhaugstova eit stykke forbi Langsætrane. Etter det vi kjenner til var det alle som nådde målet og i tilleg kom 5 av dei seg heilt inn til Storvatnet. Ekstra imponerande var det at ein av disse var Ronan, ein av lærarane frå Irland. Han har kun gått på ski ein gong tidlegare, nemleg sist han vitja Stordal. Imponerande!   

Elevane som jobba med dei to prosjekta kalla; "At home and abroad" og "Environment", hadde også ein gjevande dag. (som det ligg i namna, omhandlar det første prosjektet tema knytt til kulturforskjellar mellom Norge og dei landa elevane kjem frå. Det andre går på å samanlikne natur og miljø, landa imellom)

Monica Kjerstad Nerland hadde teke turen frå Verdsarvsenteret i Geiranger og ho stod for ein særs flott presentasjon av verdsarvområdet og orienterte vidare om arbeidet ved senteret. Vakre bilder på storskjermen i grendasalen og med flott musikk til, gjorde verkeleg inntrykk. Det er liten tvil i at det vi som bur her ser på som sjølvsagt og naturleg, vert ekstra storslått for dei som kjem langvegs frå. Som takk for den flotte presentasjonen fekk Monica med seg flott lue laga hjå elevbedrifta ved Spjelkavik videregående skole og sjølvsagt t-skjorte frå Stordalshallen.

Ikkje lenge etter at dette var ferdig, gjekk turen til Beredskapssenteret Åknes/Tafjord på Stranda. Der stod leiaren ved senteret; Kjell Jogerud for omvisninga og ein fekk sjå korleis det avanserte overvåkingssystemet fungerer i praksis. Prøvar av fjellet fekk elevane også sjå. Der kom noko av utfordringa ein står overfor fram, nemleg at det er lag med lausare masser innimellom dei meir faste delane av fjellmassivet. Naturlegvis eit interessant besøk for gruppa. 

Du finn endå fleire bilder frå dagsprogrammet i Stordalshallen sitt bildegalleri.

Ser ein på dei to dagsprogramma samla sett, kan ein med rette hevde at dei var særs vellukka. 

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove