Midt i blinken!

Aktivitetsnivået har truleg aldri vore så høgt i Stordalshallen, som det ein har opplevd dei to siste kveldane. Også onsdagskvelden var dei ivrige elevane i full sving frå tidleg kveld til seint på natt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.03.2010

Instruksjonsopplegget i klatring, skyting og trampoline fulgte malen frå kvelden før og då slik at alle elevane hadde vore innom alt, etter at begge kveldane var unnagjort.

På trampoline tok Robin Aasen seg av instruksjonen, medan Kjell Mulelid, Kenneth Søvik og Marte F Busengdal instruerte i klatreveggen. På skytebana var Stian Talberg bas. Eit artig poeng på skytebana var det at Ryan Dooley frå Irland, klarte å oppnå heile 48 poeng på skytinga si (av 50 mulige) Dette er truleg det beste resultatet i løpet av alle dei åra skulen har vitja oss. Imponerande!

Samstundes med instruksjonsopplegga (frå kl 1900 til kl 2300) vart det avvikla volleyballturnering og om lag kl 2330 held fotballturneringa frå kvelden (eller rettare; natta) før, fram.

I løpet av kvelden vart det også synt fram flotte bilder frå naturen i Stordal på storskjermen i grendasalen. Det er Bjørnar Midtbust som har teke disse (du kan sjå dei på heimesida til kommunen, under "Dagens bilde") Jan Roger Hauge hadde laga til stilig presentasjon der han også hadde lagt til stemningsfull musikk. Vakkert!

Champions League høyrer alltid med når Spjelkavik videregående skole vitjar oss. Storkampen mellom Manchester United og Milan vart difor teken opp og synt, etter at instruksjonsopplegga var ferdige.

Etter to innhaldsrike og hektiske dagar var det nok også godt å få kome til ro og dagen etter venta Arena Overøye.

I løpet av fredagen, vil vi legge ut fleire bilder får kveldsprogrammet, i Stordalshallen sitt bildegalleri.

Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove