Olav Grønningsæter (Spjelkavik videregående skole) kunne fortelje at det var fullt ut mulig å få utbytte av opphaldet på Overøye og fleire av dei utanlandske elevane og lærarane hadde stor framgong i løpet av kort tid. Ikkje minst var det veldig fint å bruke familietraseen til dette.
I løpet av dagen ved Arena Overøye, var det også tid for å dele ut premiar til vinnarar av ulike konkurransar o.l. gjennomført i løpet av opphaldet. (t-skjorter frå Stordalshallen vonar vi vil vere eit kjekt minne å ha med seg heim)
Når ein skal oppsummere heile opphaldet er det (som nemnt i dei fire tidlegare reportasjane) først og fremst omfanget av aktivitetar og opplegg, som er så eineståande. Det ville rett og slett vere vanskeleg å få plass til meir. For alle dei som var med, treng ein truleg tid til å fordøye alle opplevingane og kanskje ikkje minst vil det vere mange av dei som vil ha behov for litt ekstra avslapping og søvn, dei neste dagane.
For oss som har hatt gleda av å ha disse elevane og lærarane på besøk disse dagane, er det viktig å få trekkje fram kor imponerande det var å registrere kor godt det heile fungerte. Organiseringa, der dei ulike gruppene hadde kvar sine konkrete arbeidsoppgåver, er nok ein del av forklaringa på dette. I tillegg er det rett å hevde at det er eksemplariske ungdomar vi har hatt glede av å ha på besøk enno ein gong.
Vi vil nytte høve til å takke alle som var med i samband med årets ekskursjon og samstundes ynskje Spjelkavik videregående skole lukke til vidare med både internasjonaliseringsprosjekta sine og elles. Vi ser fram til eit like tett og godt samarbeid med skulen også i åra som kjem.
Ynskjer du å finne ut meir om dette med internasjonaliseringsprosjekt, evt anna om Spjelkavik videregående skole, finn du lenke til dette nedanfor. Der ligg også lenke til Arena Overøye.