Fotograf: Hallgeir Hove
Etter at aktivitetsøkta på laurdagen var ferdig, var det tid for fotografering fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Skyting er alltid like populært. Her gjer ei av gruppene seg klar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eli og Lottie frå klatreklubben tok seg av instruksjonen i den flotte veggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen kan ein også spele minigolf fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
...og sjølvsagt bordtennis fotograf Hallgeir Hove

Nørvasund skolekorps med kjekk øvingshelg.

Frå laurdag 23. til søndag 24. oktober gjennomførte Nørvasund skolekorps øvingshelg i Stordalshallen. Dei om lag 20 musikantane, samt foreldre og leiarar, gjennomførte eit innhaldsrikt og bra opplegg. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.11.2010

Det var sjølvsagt sett av god tid til musikkøving i løpet av helga, men i tillegg vart det også tid til anna kjekk aktivitet. Ei vel to timar lang økt, der instruksjon i klatreveggen og skyting med salonggevær utgjorde "hovudingrediensane", såg ut til å falle i smak. I tillegg til dei to aktivitetane der det var henta inn instruktørar frå Stordal skyttarlag og klatreklubben, fekk deltakarane m.a. prøve ut den populære team-track´n, dei kunne teste skuddfoten mot skuddlaseren, dei kunne spele bordtennis og/eller minigolf, balansere på bosuballar og prøve ut eigne ferdigheiter på presisjonskast. (sjå Stordalshallen sitt bildegalleri)

Etter at aktivitetane i idrettshallen og øvingsaktiviteten i grendasalen var ferdig smakte det naturleg nok godt med "heimelaga" pizza frå Nilsgardstunet. Tilbakemeldingane i etterkant tyder på at det var ei særs vellukka øvingshelg og for oss er det sjølvsagt veldig kjekt å registrere at Nørvasund skolekorps kan vere attende hjå oss, alt i mars månad.

Stas å ha denne kjekke gjengen på besøk og vi vil nytte høve til å ynskje dei lukke til med spelinga framover og velkomen attende! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove