Fotograf: Hallgeir Hove
Musikantane klare for aktivitetane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Leik med fallskjerm var veldig kjekt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jens Åge Øvrebust var bas på skytebana fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange luftige hopp på trampolina. Robin Aasen var instruktør fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Marsjering i mars er ikkje noko problem! fotograf Hallgeir Hove

Nørvasund skulekorps med ny flott øvingshelg!

Nørvasund skulekorps avvikla flott øvingshelg ved Stordalshallen denne helga. Dette er det andre besøket frå korpset på eit halvt år, noko som tyder på at dei likar seg godt her hjå oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.03.2011

Dei omlag 20 musikantane veksla mellom å øve i grendasalen og å marsjere i idrettshallen, men det vart sjølvsagt også tid til andre aktivitetar.

Mellom anna var det lagt opp til ei to timar lang økt på laurdagen, der både store og små fekk prøve seg på skytebana. Leiaren i skyttarlaget, Jens Øvrebust, kunne konstatere at dette verkeleg fell i smak. På konkurransetrampolina var Robin Aasen på plass, slik at alle musikantane fekk vere med på luftige svev der. I tillegg var team-track´n rigga opp. Denne var tilgjengeleg frå kl 14.00 på laurdagen og heilt til avreisa på søndagen. (Etter det vi kjenner til var det også fleire som nytta høve til å overnatte på denne. Ikkje verst med ei "luftmadrass" på 15 x 3 meter!) Mykje anna utstyr vart også nytta, der m.a. "fallskjermen" såg ut til å vere populær. Skuddlaser og bordtennis såg også ut til fenge både store og små.

I tillegg til å nytte grendasal og idrettshall til å øve i, køyrde dei også gruppeøvingar rundt om, m.a. på skytebana. Trommisen rigga seg like godt til i gangen opp mot skytebana, så her vart plassen verkeleg utnytta.

Det er veldig kjekt for oss ved Stordalshallen å registrere at også Nørvasund skulekorps ser ut til å trivast godt her hjå oss. Kjekt å registrere at grupper som kjem til oss er klare for å kome attende. Vi skundar oss også å få med at Nørvasund skulekorps er ein flott gjeng med born og vaksne, som vi set umåteleg stor pris på å ha på besøk.

I tillegg til bilda i reportasjen her, finn du fleire bilder i Stordalshallen sitt galleri.

Sjå gjerne også reportasjen frå oktober 2010, då korpset vitja oss sist gong.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove