Fotograf: Hallgeir Hove
Utøvarar og trenarar samla utanfor Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hans Martin Gjedrem med fokus på riktig skøytestilling fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kirkebø stadion og Stordalshallen byr på rike muligheiter for trening fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Utøvarane får prøve, medan Gjedrem hjelper til med possisjonen fotograf Hallgeir Hove

Vellukka kretslagssamling

Kretslaget i langrenn gjennomførte denne helga samling i Stordal. Utøvarane hadde Stordalshallen som base for opphaldet og etter tilbakemeldingane å dømme vart samlinga særs vellukka.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.05.2011
Det er stordalingen Pål Bjørn Øvrebust som har hovudansvaret for kretslaget denne sesongen og med seg under samlinga her, hadde han Hans Martin Gjedrem og Jan Erik Westerås (hjelpetrenar på kretslaget).

Det var naturleg nok ekstra stas at Hans Martin Gjedrem var på plass og liten tvil i at han hadde mange nyttige råd og øvingar å vise fram. Valldalingen har både gull i NM i motbakkeløp (2009) og ei rad flotte plasseringar i verdscupen i skiskyting å vise til. Han satsar for fullt på ein ny sesong no. 

I løpet av helga vart det gjennomført mange økter der det vart fokusert på tekniske detaljar, spenst, styrke og sjølvsagt uthald. Det vart fleire økter på rulleski, 3000 meter på løpebana, motbakkeløp til Mosætra, og meir til.

Innimellom alle øktene, var altså Stordalshallen base, der langrennsgruppa i Stordal stod for servering av måltida. På laurdagskvelden var det ekstra stas med Champions League-finale på storskjerm i grendasalen.

No er det ikkje første gongen langrennsløparane finn vegen hit. Tidlegare har Storfjordlangrenn køyrd fleire samlingar her og ikkje minst trekkjer vi fram dei flotte langrennssamlingane kvar haust, kalla Stordalshelga i langrenn. Sjå gjerne meir om desse HER. Siste helga i september er det klart årets utgåve av denne populære samlinga.

Elles ser det også ut til at mange av kretsen sine alpinistar kjem til Stordalshallen denne hausten for å vere med på samling i regi av Stordal Alpin. Dette skjer truleg siste helga i august.

Det er sjølvsagt særs kjekt å registrere den store interessa!  
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove