Logo - Møre og Romsdal skikrets
Mange av skikretsen sine løparar til Stordalshallen, denne hausten
Fotograf: John Kristian Hjelle
Innbydande anlegg fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Hallgeir Hove
Langrennsløparane skal samlast for fjerde år på rad, siste helga i september fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange av dei aktive, trenarar og foreldre samla. No er dei klare som vertar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Erika i aksjon på Stordalsvika. Siste helga i august er det din tur! fotograf Hallgeir Hove

Kretssamlingar på løpande band!

Siste helga i august vert det storinnrykk i Stordalshallen, når mange av Møre og Romsdal skikrets sine alpinistar skal avvikle treningssamling her hjå oss. Siste helga i september er det også på ny klart for Stordalshelga i langrenn. Denne vert arrangert for 4. gong.
Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.08.2011
Kretssamling - Alpint
Samlinga startar med Iron man - test på fredagen og held fram med fullpakka program på laurdagen, der ein skal innom ei rad ulike aktivitetar. I tillegg til Stordal Alpin sine eigne krefter, skal også Andrine Flemmen, Erik Skaslien og Einar Vegsundvåg m.fl. vere med som instruktørar. Søndagen vert det flott fjelltur. I tillegg til alt det sportslege, legg ein sjølvsagt opp til mykje sosialt, der det m.a. er klart for ein kjekk kveld ved Stordal Ungdomsklubb, alle fellesmåltid i grendasalen og ikkje minst overnatting i lavvoar utanfor Stordalshallen! Dette skjer altså f.o.m fredag den 26. t.o.m søndag den 28. august.

Stordalshelga i langrenn
Dette har blitt ein kjempesuksess, der tilbakemeldingane frå dei mange deltakarane har vore særs positive. Det har vore heile 90 løparar med på desse samlingane tidlegare år og truleg vert det ikkje færre denne gongen. Sjå lenker til reportasjane frå tidlegare langrennssamlingar nedanfor! Stordalshelga i langrenn vert i år arrangert f.o.m fredag den 30. september t.o.m søndag den 2. oktober.

Det er ikkje til å legge skjul på at Stordalshallen ser det som særs kjekt at også kretsen sine mange dyktige alpinistar og langrennsløparar vel nettopp oss, når viktige sesongførebuingar skal gjennomførast! 

Stordalshelga i langrenn 2010
Stordalshelga i langrenn 2009
Stordalshelga i langrenn 2008

Stordal Alpin har hatt mange klubbsamlingar i Stordalshallen, her er nokre døme:
Barmarkssamlinga 2010
Barmarkssamlinga 2009
Barmarkssamlinga 2008

Skigruppene i Stordal IL er særs aktive. Her er nokre reportasjar som syner dette:
Flott reportasje om skimiljøet i Stordal (Smp, april 2011)
Flott reportasje om Stordal IL på NRK (NRK, mars 2011)
I toppen, såvel nasjonalt som internasjonalt!

I tillegg viser vi sjølvsagt også til dei flotte heimesidene til skigruppene våre. Dei finn de HER.

Det er ikkje til å legge skjul på at Stordalshallen ser det som særs kjekt at også kretsen sine mange dyktige alpinistar og langrennsløparar vel nettopp oss, når viktige sesongførebuingar skal gjennomførast!


Velkomen til Stordalshallen!
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove