Dei første bobilane byrja å kome alt på torsdagskvelden og utover fredagen vart det stadig fleire. Totalt var det altså heile 54 bilar med på treffet. Med god plass både på grusbana og elles i området ved Kirkebø stadion, vart det likevel ikkje noko problem at deltakinga var så god.
Deltakarane kom frå heile Midt-Norge, med deltaking frå Nord- og Sør-Trøndelag, samt heile Møre og Romsdal.
I og med at Stordalshallen alt var utleigd, vart telt frå Stordal Teltutleige løysinga for det som skulle skje av møteverksemd og sosialt samvær ved stadion. Dei lokale arrangørane hadde lagt ned mykje arbeid i førebuingane, slik at det vart rett så flott inne i det store teltet. Stordalshallen vart også nytta så langt råd var, der deltakarane hadde tilgong til toalett, dusj og garderobar.
På dagtid laurdag var det gjort avtale med Kristian Almås, som stilte opp og hadde omvisning i Rosekyrkja. Det var mange som nytta høve til å få med seg dette.
På laurdagskvelden gjekk turen til Nilsgardsunet der det var lagt opp til fellesmiddag. Heile 102 personar deltok. Etter at middagen var ferdig, fekk deltakarane oppleve Jenny Kristin Langlo sin vakre song. (ho er klar for semifinale i IDOL! Du kan oppleve ho på TV2 den 7. oktober) Ho hausta naturlegvis stor applaus og etterpå var det klart for dans.
Dei tilreisande hadde med andre ord fine opplevingar denne helga, og dei lokale arrangørane fortener ros for eit flott gjennomført arrangement.
Med bobiltreffet avvikla dette året, er det elles grunn til å registrere at endå ei ny målgruppe har funne vegen hit til oss. I ein slik samanheng er det kjekt å vise til at det i 2007 også vart arrangert internasjonalt MC-treff her, og det med deltakarar heilt frå Spania! Les reportasjane frå den gongen
HER og
HER
Heimesida til Norsk Bobilforening finn du
HER