Fotograf: Hallgeir Hove
Hjertestartaren har fått ei særs godt synleg plassering i foajeen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kursdeltakarar, saman med kursleiar Inger Anna Omenås (nr 3 frå høgre) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Inger Anna Omenås demonstrerer bruken av hjertestartaren fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Vaktmeistrane Einar K Hove og Helge Busengdal har fått skapet på plass fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Plasseringa ein har valgt skal sikre at startaren skal vere lett å nå, samstundes med at den er trygt lagra fotograf Hallgeir Hove

Hjertestartaren på plass!

Den er med stor glede ein no kan meddele at hjertestartar er på plass i foajeen i Stordalshallen. Utstyret vart levert i går og samstundes gjennomførte ein eit fire timars kurs i bruken av hjertestartaren, for 10 personar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.08.2012

PLASSERING

Når ein enda opp med å plassere hjertestartaren i foajeen i Stordalshallen, var dette etter ei grundig vurdering. Det er sjølvsagt både fordelar og ulemper med ei slik plassering, men ein kom til at fordelane var klart størst ved å ha den innandørs. Ei eventuell montering utandørs vil kunne medføre at ein ikkje alltid kan vere trygg på at utstyret fungerer 100% pga kulde. Utandørs vil ein også vere meir utsett for at uvedkomande kjem i kontakt med hjertestartaren. Det er naturlegvis slik at utstyret også skal vere tilgjengeleg i høve til all aktiviteten på stadion, på skulen og elles i området og difor vil det naturlegvis vere viktig at alle dei som har ansvar for treningar og annan aktivitet der, også har nøkkel til Stordalshallen. Skulle ein kome i ein naudsituasjon der nøkkel ikkje er tilgjengeleg, kan ein også i verste fall knuse vindauge for å kome til.

UTSTYRET

Det er ein hjertestartar av typen FRx frå Laerdal Medical AS, som no er på plass. Les meir om Heartstart FRx HER

I og med at det er særs viktig å vere 100% sikre på at den informasjonen vi gir ut skal vere korrekt, vil vi etter råd frå nettopp Simcare kome med ytterlegare informasjon og oppdateringar om bruken av utstyret vårt.

Nedst på sida har vi lagt til to pdf-filer, som inneheld informasjon om bruken av hjertestartarar generelt og informasjon om riktig HLR (hjerte-lunge-redning). Legg merke til at det naturlegvis er forskjell på behandling av voksne og små barn. (ein del av informasjonen er nok berekna på helsepersonell, men uansett er det mykje her vi alle vil klare å sette oss inn i) 

KURSING

No er det sjølvsagt slik at denne hjertestartaren, som er sokalla halvautomatisk, skal kunne nyttast av flest mulig. Den fungerer slik at den gir klare beskjedar om kva ein skal gjere, når den vert teken i bruk. Likevel er det ikkje til å legge skjul på at det er betryggjande at flest mulig er kursa i korleis den fungerer. I samband med overleveringa i går, vart difor 10 personar, som alle oppheld seg relativt mykje i og ikring Stordalshallen kursa i omlag fire timar. I tillegg er det naturlegvis godt å vite at det er endå fleire som har slikt kurs her i Stordal, då det er hjertestartar både ved Stordalstunet og ved Arena Overøye. I tillegg til slikt kurs over fire timar, vil vi regelmessig køyre oppfriskingskurs slik vi kan vere best mulig førebudd om det skulle verte behov for å ta utstyret i bruk (noko vi sjølvsagt aller helst håper å sleppe).

Det var Inger Anna Omenås, frå Simcare i Ålesund, som var instruktør på kurset i går og deltakarane hadde mange lovord å kome med i etterkant. Det er også Simcare som har levert hjertestartaren og det er teikna ein eigen vedlikehalds- og serviceavtale med dei. Denne sikrar også at batteri og elektrodar vert skifta, regelmessig. 

Dei som deltok på kurset var: Einar K Hove (vaktmeister), Helge Busengdal (vaktmeister), Robert Møller (arbeidsleiar), Odd Einar Kalvø (lærar), John Helge Larsen (rådgjevar), Vigdis Hove Øie (leiar i Stordal IL), Palma F Øvrebust (leiar Stordal Folkedansgruppe og medlem av driftsstyret), Hilde Dyrkorn (leiar Stordal Hornmusikklag), Bjørg Jacobsen (leiar Stordal frivilligsentral, folkehelsekoordinator og leiar Stordalscup) og Hallgeir Hove (dagleg leiar Stordalshallen)

FINANSIERINGA

Det er på sin plass å rette eit stor takk til Stordal Helselag og Indre Sunnmøre Gjensidige for at utstyret no er kome på plass. Helselaget har løyvd kr 23.500,-, medan Gjensidige løyvde kr 14.000,-. Det er verkeleg verd å legge merke til at det nettopp var desse som bidrog til at slikt utstyr no også er lett tilgjengeleg der det er særs stor aktivitet, året rundt. Takk også til Stordal IL v/leiar Vigdis Hove, som har vore sentral i samband med å få utstyret på plass. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove