Hovden Bygg AS
Dette flotte reklameskiltet på 3 meter, vil få sin plass på veggen i Stordalshallen
Kenneth Hovden
Kenneth Hovden driv verksemda og har 17 års erfaring innan tømrarfaget

Hovden Bygg AS har også inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen!

Vi har den seinare tida presentert den eine nye samarbeidspartnaren, etter den andre. No har vi gleda av å kunne meddele at også Hovden Bygg AS ynskjer å ta del i Stordalshallen sitt profileringskonsept.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.10.2013

Det er Kenneth Hovden som driv byggefirmaet og han har over 17 års erfaring innan tømrarfaget. Det er 3 fast tilsette hjå Hovden Bygg AS, som er lokalisert i Valldal.

Hovden Bygg AS er elles godkjent som lærebedrift og ynskjer å bidra til å få endå fleire lokale tømrarar på plass. Dei tek sikte på å ta inn ein lærling kvart år.

Verksemda tilbyr naturlegvis sine tenester innan det meste som har med bygg å gjere, men har spesialisert seg på m.a.:

- Nybygg
- Rehabilitering
- Flislegging
- Kjerneboring

Hovden Bygg AS, har adresse Fjørå, 6210 Valldal.

Du når Hovden Bygg AS på tlf.nr: 990 17 901, eller e-post til: kennethhovden@gmail.com


Vi ynskjer vår nye samarbeidspartnar, Hovden Bygg AS, velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove