Logo - IH Bygg, Steffen Leganger
Dette flotte reklameskiltet er for lengst på plass i Stordalshallen!
Fotograf: Storfjordnytt
Steffen i aksjon fotograf Storfjordnytt
Fotograf: Steffen Leganger
Hyttebygging på Langsætrane, er døme på oppdrag IH Bygg utfører fotograf Steffen Leganger
Fotograf: Steffen Leganger
Her er det eit hus som har fått nytt, flott skifertak fotograf Steffen Leganger
Fotograf: Steffen Leganger
Flislegging er eit anna døme. I det store og det heile, er IH Bygg det rette valet, nærast uansett kva jobb ein ynskjer å ha utført fotograf Steffen Leganger

IH Bygg også med på laget!

Vi har no gelda av å presentere nærare vår samarbeidspartnar IH Bygg. Det er Steffen Leganger som står bak verksemda og han har vore sjølvstdendig næringsdrivande innan tømrarfaget sidan 2011.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.08.2016

Etter at Steffen Leganger starta opp med verksemda IH Bygg, kan han vise til mange spanande prosjekt, han har vore engasjert i. Oppdraga har vore mange og det har ikkje stått på henvendelsar. IH Bygg utfører det aller mesta av oppgåver innan byggfaget og har hatt oppdrag over heile Sunnmøre så langt. Dette har vore alt frå reising av hytte på Langsætrane, til legging av nytt skifertak på Ytre Standal.

I februar i år, laga lokalavisa Storfjordnytt ein flott reportasje om Steffen og verksemda hans. Denne kan du opne som eiga fil, nedst på sida.

Det er sjølvsagt stas for oss å registrere den store interessa for å ta del i Stordalshallen sitt profileringskonsept og vel å tru at alle der ute veit å legge merke til kven våre samarbeidspartnarar er.  

Vi ynskjer IH Bygg velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove