Vi har saksa fyljande frå koret si facebookside og reknar med at de kan vere samd i at dette høyrest rett så flott ut!
"Damene er klare for å gi deg ein splitter ny konsert etter den suksessfulle premiera i vinter. BIG Valley VOICES lovar eit variert program, med kjente og kjære låtar. Du får servert gamle, gode klassikarar og nye, freshe feststemte hits! Konserten passar heile slekta og vennegjengen. Vi kan melde om ny solistrekord, og enda fleire kjentfjes på scena.
Dei 23 kordamene og kormotivator Maria Holand Tøsse er etter eit halvt år med intens øving klar for å gi publikum ei kulturoppleving. Vi skal sørge for at du får tatt i bruk gåsehuda di, tårene, rockefoten, lattermusklane og applaushendene!"
Gå inn på facebooksida til det flotte koret vårt og les meir. Der kan du også melde frå at du blir med og ikkje minst kan du invitere alle venner og kjente med deg på konsert!
Du må gjerne også sjå reportasjen vi laga i etterkant av premiere-konserten deira i januar. Der finn meir førehandsstoff, m.a. også fin reportasje i Storfjordnytt.