Spjelkavik videregående skule sin årlege ekskursjon vart ein kjempesuksess!
Det er ikkje lett å beskrive kor flott dette var. I løpet av dei tre dagane, fekk både dei norske og utanlandske elevane og lærarane vere med på utruleg mykje.
Det var rekordmange deltakarar med under årets ekskursjon. Likevel synte deg seg at Stordalshallen så absolutt var stor nok til å huse den 120 tals store gruppa.

Her er ei kort oppsumering av opphaldet:

TYSDAG 20. MARS:
Etter at elevane var innkvarterte og hadde fått seg ein matbit, gjekk turen til Stavsengfjellet skisenter, der det var skileik/grunnleggande skiopplæring. Elevane var delt inn i grupper og tok seg fint av dei som hadde lita eller ingen erfaring med skigåing frå før.

På ettermiddagen var det nygrilla kylling som stod på menyen i grendasalen. Etter maten var det klart for kveldsprogrammet. I tillegg til dei mange aktivitetane frå tidlegare, kunne ein no også tilby gjestane å nytte den nye Team Track´n. (Dette er ei vidareutvikling av Air Track. Sjå eigen reportasje om dette) Dei nederlandske lærarane og tre høgskulestudentar frå Sogndal, tok seg av instruksjonen her og det er liten tvil i at dette var populært. (Sjå bileta) Tilbakemeldingane frå elevane/lærarane på instruksjonsopplegga (klatring, skyting og trampoline) var også udelt positive. Det meste av dette var nytt for dei og difor ekstra kjekt å få prøve ut. Instruktørane (frå Stordal skyttarlag, trampolinegruppa og klatreklubben) som stilte opp begge kveldane og hausta mange lovord for innsatsen sin.

I tillegg til instruksjonsopplegga var det også m.a. dart, bordtennis, sjonglering, basketballturnering m.m. Og som ikkje det var nok, så køyrte dei eiga fotballturnering utover natta, når kveldsmaten var ferdig, rundt middnatt.

Kjekt var det også å få sjå på opptak frå aktivtetane på storskjermen i grendasalen.

ONSDAG 21. MARS:
Denne dagen var det skitur til Fokhaugstova som stod på programmet, med mange ulike aktivitetar der. M.a. fekk dei lære seg korleis ein kan vurdere rasfare, ved å ta prøvar av dei ulike snølaga.

Tore Hallan, i Fjellservice, hadde på førehand laga til flotte løyper innover fjellet og det vart nok ei dag gjestane seint vil gløyme. Langsæterområdet synte seg fram i all sin prakt denne dagen, med glinsande snøkrystallar og majestetiske fjelltoppar.

NRK hadde også prioritert å lage reportasje frå ekskursjonen denne gongen og det var nettopp på onsdagen dei dukka opp. Ikkje berre eige TV-team, men også radioen, var på plass då. På kort varsel fekk ein ordna med transport innover fjellet til TV-teamet. Både Fjellservice og Arena Overøye fortener stor takk for denne jobben. Reportasjen på TV vart synt på kvelden og det var kjekt å kunne vise denne til elevane, på direkten, i grendasalen då. TV-innslaget handla om utlendingar, som stod på ski for første gong og det vart ikkje fokusert på sjølve ekskursjonen. På radio derimot, fekk dagleg leiar for Stordalshallen høve til å fortelje meir om dette unike opplegget.

TORSDAG 22. MARS:
Som vanleg vart ekskursjonen avslutta med tur til Stordal Alpinsenter/Arena Overøye. Det var tydeleg at også dette var populært, ikkje minst takka vere dei mange flotte utbetringane der framme (nytt familietrekk, nytt t-trekk, nye traséar og ikkje minst den nyoppussa og utvida varmestova)

Under matpausen kl 12.30, var det premieutdeling for ulike aktivitetar og konkurransar tidlegare i veka. Dagleg leiar nytta då også høve til å dele ut Stordalshallen si jubileums t-skjorte, til alle lærarane/leiarane som var med, samt til fleire av elevane.


AVSLUTNING:
Under heile opphaldet i Stordal, var elevane inndelt i grupper og løyste på denne måten dei mange ulike oppgåvene som høyrer med ved eit slikt opplegg, på ein glimrande måte.

Alle oss som hadde gleda av å vere saman med elevane og lærarane frå Spjelkavik, Nederland og Irland, disse tre dagane, sit att med eit særs godt inntrykk. Det heile fungerte prikkfritt og det var rett og slett ei oppleving å få vere med på å legge tilhøva til rette for så motiverte og positive deltakarar. Vi vil på denne måten også få nytte høve til, nok ein gong, å takke for at Spjelkavik vgs ville besøkje oss og vi ser alt no fram til neste år! Om det også neste år vert besøk frå utlandet, ville også det vore supert.


For meir om ekskursjonen, viser ein til Spjelkavik videregående skole si heimeside (link nederst) Der vil det kome eigen reportasje. Der er det også link til heimesidene til dei utanlandske skulane som var med.

(Vi vil også legge ut fleire bilder frå eksursjonen i vårt bildegalleri)
Kontaktinformasjon
_
_
Stordalshallen
Postboks 115
6259  Stordal
 
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
 
 
Telefon : 70279123
Mobil : 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Torbjørn Emblem      Nettredaktør Hallgeir Hove