Fotograf: Hallgeir Hove
Arrangørane klare til å ta imot gjestane, som kjem frå heile Europa. Deltakarar frå heile 12 land er med på treffet. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei første deltakarane kjem. Kjell Terje Vadseth (til venstre) tek imot og orienterer. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flott sykkel frå vårt naboland i aust. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det vil bli litt av eit skue når om lag 80 slike sykklar legg ut på utflukt, på fredag og laurdag. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
To nederlandske doningar framfor Stordalshallen. fotograf Hallgeir Hove

Det internasjonale MC-treffet i gong.

Dei første MC-ane kom til Stordalshallen alt på torsdagskvelden. Dei langvegsfarande gjestane, som kom hit då, hadde køyrt heile vegen frå Spania. Sjølv om sola enno har "glimra med sitt fråver", er det heilt tydeleg at dette er ein gjeng som ikkje let seg skreme av litt gråver.
Kjell Terje Vadseth, og dei andre hjå arrangørane, har dei siste dagane gjort seg klare til å ta imot storinnrykket og det er liten tvil i at dei er godt budde. Her er ingenting overlatt til tilfeldigheitene og i tillegg har vaktmeister Einar K Hove assistert på vanleg god måte.

I skrivande stund vert det også arbeidd med eit opplegg der deltakarane på treffet, kan få høve til å vere med på helikopterflyging, i tillegg til dei oppsette dagsutfluktene. Helikopteret vil då kunne lande ved teltplassen og ta deltakarane med på ein 15 minuttars tur. Kanskje kan det høve med ein tur innover mot Geiranger?

Uansett vert det kortesje frå teltplassen ved Stordalshallen og gjennom Stordal sentrum, både fredag og laurdag, med påfølgjande utflukter.

På kvelden er det lagt opp til hyggeleg samankomst i og omkring Stordalshallen.

Mange har kanskje fordomsfulle syn på MC-miljøet, men etter å ha hatt gleda av å få følgje med på dei siste førebuingane til arrangørane av dette treffet, og ikkje minst fått helsa på mange av dei tilreisande, så er det liten tvil i at dette er ein flott gjeng. At dei kjem til å ha ei flott helg her i Stordal er det heller ingen som helst tvil om. Fasilitetane er på plass og med ein så triveleg gjeng, med felles interesser, er det eigentleg berre å misunne dei det heile.

For å få fram litt om omfanget av dette treffet, kan ein til slutt nemne at det er med deltakarar frå heile 12 land. Snakk om internasjonal forbrødring!

Heimesida til Venture Club of Norway, finn du ved å fylje lenka nederst.
   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove