Fotograf: Hallgeir Hove
Dalane sitt lag i taudraging i 2000. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyrkorn vann Supporterprisen i 2004. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liabygdarane sitt fotballag i 2004. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Knut W Hvalstad
Hovslia arrangerte Årsfest i 2006. Her er mange av dei samla på scena. fotograf Knut W Hvalstad
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Øvrebust arrangerte Årsfest i 2007. Her ser ein Maria, Lene og Frøydis i aksjon på scena. fotograf Bjørn Steinar Skarbø

Faste arrangement i Stordalshallen sin regi

Kvart år vert det arrangert mange større og mindre arrangement i Stordalshallen sin regi. Nedanfor presenterer vi nokre av dei.
Årsfest for Stordalshallen:

Heilt sidan starten av har det vore arrangert fest for Stordalshallen kvart år. Dette er både ei flott markering/feiring av den flotte hallen vår, samstundes utgjer dette eit vesentleg økonomisk bidrag til sjølve drifta. Arrangementet går på omgong mellom dei sju grendelaga i kommunen og ber preg av grundig og godt forarbeid og det er særs høg kvalitet på det som vert framført frå scena. Førebuingane startar lang tid i førevegen og med avansert utstyr og særs dugande folk, vert dette kvart år ein kjempesuksess.

Årsfesten er også ein imponerande dugnadsinnsats der alle, gamal som ung, i heile grenda er med. Sjølv om det er mykje slit som ligg bak arrangementet kvart år, kan arrangørane sjå attende på mange flotte stunder saman. Årsfestane er difor også viktig i høve til samhaldet i grenda og sjølvsagt i kommunen elles. Årsfestane trekkjer folk frå heile nærområdet og mange utflytta stordalingar kjem også heim for å få med seg dette. Dei siste åra har ein valgt å legge festen til vinterferien, noko mange har sett stor pris på.


Tidlegare arrangørar:

1998: Hovslia, 1999: Dyrkorn, 2000: Nejaføringane, 2001: Øvrebust, 2002: Dalane, 2003: Vinjehjellane, 2004: Vinje, 2005: Dyrkorn, 2006: Hovslia, 2007: Øvrebust,

Arangør 2008: Nejaføringane

Arrangør for 2009 vert trekt ut av Nejaføringane, og arrangementskomitéen vert presentert på slutten av Årsfesten i 2008. (Dei grendene som har vore arrangør i løpet av dei tre siste åra, er ikkje med i trekninga. Vidare er det slik at alle grendene skal ha stått som arrangør to gongar, før ein tek til på ny)


Grendacupen:

Kvart år, den 27. desember, vert Grendacupen arrangert i Stordalshallen. Frå starten av, i 1996, var dette ei rein fotballturnering, der grendelaga møttest til dyst.

Frå 1997 vart det også delt ut vandrepokal til det laget som underheld mest og best, til det laget som la størst vekt på breidde og til dei dyktigaste supporterane. Frå 1998 vart Grendacupen utvida med eigen skytekonkurranse og eigen taudragingskonkurranse og i 2004, kom også eiga volleyballturnering på plass. I tillegg får alle, som ynskjer det, høve til å prøve seg på konkurransetrampolina, i klatreveggen og på miniatyrskytebana, under leiing av dugande instruktørarar frå disse gruppene. I 2007 kom for første gong også ei eiga turnering for dei yngre fotballspelarane på plass. I tillegg vart eiga bordtennisturnering arrangert.

Langrennsgruppa står for kafédrifta og om kvelden er det Grendacupdans (her er det sommaridrettane og vinteridrettane som vekslar på å stå som arrangør) Det er også eige Grendacup-lotteri, der ein m.a. kan vinne gåvekort frå Comet Sport AS i Ålesund.

Det vert lagt stor vekt på det sosiale og Grendacupen har noko for ein kvar smak, anten ein er oppteken av å få seg litt trim, eller ein rett og slett ønskjer å treffe gamle kjente frå fjern og nær. Stordalshallen er med andre ord den store treffstaden også i romjula!

   

Kontaktinformasjon

Stordalshallen Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Lars Joranger      Nettredaktør Hallgeir Hove