Publisert 20.09.2017
Breidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane

Det har ei tid blitt arbeidd med underhaldningsprosjektet "Breidablikfesten", som har til føremål å vekkje til live minne om aktivitetar og hendingar på det ærverdige ungdomshuset vårt på Øvrebust og lagsarbeidet til Stordal Ungdomslag (1893 – 1989).

Ein vil prøve å få fram stemningar og glimt av historia knytt til ungdomshuset. I programdelen vert det gjensyn med fleire av dei som stod på scena og dreiv lagsarbeidet siste tiåra av Breidablik-epoken. Det vert elles matservering og sjølvsagt dans etterpå. Det er berre å sette av datoen: Her ligg alt til rette for ein skikkeleg mimrekveld. 

Publisert 18.09.2017
CP-foreningen i Møre og Romsdal

Laurdag 16. september var ei gruppe på nærare 30 gjestar frå CP-foreninga i Møre og Romsdal på plass i Stordalshallen og det er liten tvil om at det vart veldig kjekt, både for oss som tok imot og for deltakarane. Besøket var ein del av programmet for den særs vellukka helgaturen deira til Blåtind i Stordal.

Publisert 15.09.2017
Juleshow med Maria, BOB og BVV 2017 - plakat

Søndag 10. desember står 30 musikarar på scena i Stordalshallen, når storbandet Big Odd Band, med dirigent Odd Fossum og vokalist Maria Holand Tøsse, gir deg kjente julesongar i storbandstil. I tillegg vil Big Valley Voices, med dirigent Solveig Maria Nedregård, gjesteopptre saman med Maria og storbandet. Kan det bli særleg betre?

Publisert 04.09.2017
Ole Aasen har trekt opp att sofa

At Ole Aasen er ein god mann for lokalsamfunnet vårt, det var vi klar over frå før. Men no har han fått stadfesta dette ytterlegare, ved å trekkje opp att sofaen i foajéen i Stordalshallen på dugnad. Dermed er også sofaen god som ny den, til stor glede for alle oss som brukar Stordalshallen.

Publisert 01.09.2017
Lekepatruljen september 2017

I dag var det Stordal som var stoppestad for Lekepatruljen og i løpet av ein heil skuledag, fekk barneskuleelevar og lærarar frå kommunane Ørskog, Norddal og Stordal lære ein heil haug med nye kjekke leikar og aktivitetar. Ikkje nok med det, Lekepatruljen med Stig Johansen i spissen, hadde også med seg utstyr til ei verdi av kr 20.000 til kvar av skulane. Det er Gjensidigestiftelsen som sponsar det heile.

Publisert 31.08.2017
Hurra for Ålesund videregående skole.jpg

Vi har tidlegare i år markert at det er 20 år sidan Stordalshallen vart opna. Når vi no er godt ute i jubileumsåret, kan vi med glede konstatere at Stordalshallen - om mulig - er i vinden som aldri før. 

Publisert 30.08.2017
Stordalssamlinga 2016

Det skjer mykje flott i Stordalshallen kvart år og noko av det flottaste, må ein i høgste grad seie at denne store samlinga til langrennsgruppa er. Deltakarane, som er i alderen 11 til 16 år, kjem frå heile fylket og det er ikkje uvanleg at dei tel både 70 og 80. Ja, faktisk har ein hatt deltakarar også utanfor fylkesgrensene. Det som er ekstra stas denne gongen, er det naturlegvis at samlinga vert arrangert for 10. året på rad og som vanleg er det første helga i haustferien det skjer.  

Publisert 11.08.2017
Jungeldyr.no

Etter ein kort sommarpause, er det no klart for å presentere nok ein flott samarbeidspartnar med på laget vårt. Denne gongen er det Jungeldyr.no, som er komen på plass, og for alle dei som fekk med seg årets utgåve av Stordalscup så veit dei nok kva Jungeldyr.no har å tilby. Dei flotte jungeldyra var nemleg ein skikkeleg suksess under cuphelga og vi registerer også at dei elles dukkar opp i den eine samanhengen, etter den andre.

Publisert 26.06.2017
Valldal Fjordhotell

Vi gler oss stort over å få presentere nok ein samarbeidspartnar. Denne gongen er det Valldal Fjordhotell. Det er ikkje til å legge skjul på at vi let oss imponere, når vi tok ein nærare kikk på det dette flotte hotellet har å by på. Flunkande nytt er det og, i og med at det berre er eitt år sidan det vart opna. Skal ein satse på hotelldrift er det elles liten tvil i at ein her har valgt rette staden.

Publisert 27.01.2009
Logo - Google

Stadig fleire finn vegen til Stordalshallen og dei siste åra er det også mange langvegsfarande som har vitja oss. No kan ein lett finne fram ved hjelp av Google Maps.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove