Logo - Leica Geosystems
Machine Control er ein av berre to forhandlarar av Leica Geosystems i Norge
Machine Control
Dei to karane har heile Møre og Romsdal, samt Sogn og Fjordane som sitt dekningsområde
Machine Control
I det flotte Talberbygget har Machine Control no etablert seg
Machine Control
Det er ganske så avansert utstyr dei har i sortimentet sitt

Arve Myrstad AS Machine Control også på plass!

Då har vi gleda av å formidle at endå ei ny verksemd er komen med på vinnarlaget. Denne gongen er det Arve Myrstad AS Machine Control, der det er Mats Myrstad som er dagleg leiar. Verksemda har etablert seg i dei flotte lokala i Talbergbygget, midt i Stordal sentrum. Der blir det no kurs- og opplæringssenter, i tillegg til verkstad og butikk. 


Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.01.2016

Det er ei rett så spanande verksemd som no har etablert seg her i Stordal. Arve Myrstad AS er t.d. ein av berre to forhandlarar av Leica Geosystems i Norge og dette er sjølvsagt fordelaktig. I løpet av kort tid er målet å ha laserverkstaden på plass og innan den tid også kursavdelinga. Verksemda sel og vedlikeheld GPS-utstyr som vert montert på gravemaskiner og andre anleggsmaskiner. I tillegg sel dei anna avansert måleutstyr med GPS- og laserteknologi.

Inntil vidare held administrasjonen til i Sandefjord, men i løpet av eit par år, er målet at også den biten vert flytta hit.

Les meir om etableringa i eigen reportasje på nettsida til Sunnmørsposten

Meir også i denne reportasjen til Sunnmørsposten

Machine Control har også eiga flott nettside

Machine Control har sjølvsagt også etablert eiga facebookside, der du m.a. kan vere først ute med å få med deg viktig info om nytt utstyr og gode tilbod

På den flotte nettsida til verksemda har vi henta ut fyljande informasjon her:

"Machine Control er en avdeling i Arve Myrstad AS. Vi er en autorisert forhandler av Leica Geosystems. Vårt distrikt strekker seg fra Sognefjorden i sør, til og med Møre og Romsdal i nord. Administrasjonen er i Sandefjord, mens hovedkontoret og lager for maskinstyring og tilhørende utstyr ligger i Stordal. I Stordal jobber vi nå også med å starte opp laser og GPS-verksted, samt kurslokaler i vårt nye tilholdssted. Vi har 2 fullt utstyrte servicebiler med komplett delelager, test- og låneutstyr"


Slik finn du enkelt fram til Machine Control i Stordal sentrum

Vi gler oss stort over at verksemda har etablert seg i Stordal og sjølvsagt også at den omgåande kom med på vinnarlaget!












































   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove