Askeladden og dei gode hjelparane

Endeleg er det klart for ei ny flott teateroppsetting i Stordalshallen igjen. Det er Askeladden Friteater som kjem på besøk, med forestillinga si om Askeladden og dei gode hjelparane. Det er måndag den 22. september du kan få med deg dette.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.09.2014
Fotograf: Askeladden Friteater
Askeladden og dei gode hjalparane kjem til Stordalshallen, måndag 22. september! fotograf Askeladden Friteater

For meir informasjon om forestillinga den 22. september, viser vi til eiga pressemelding frå Askeladden Friteater, samt eigen flott plakat. Begge deler finn du som pdf, nedst på sida.

Som det går fram av plakaten er det heile kome i stand takka vere eit samarbeid der Stordal Bibliotek, Stordalshallen, Stordal frivilligsentral, God Helse og Barnas kommune er med. 

Det er ingen som helst tvil i at såvel store som små kan gle seg til å få oppleve Askeladden Friteater si oppsetting i Stordalshallen den 22. september.

Velkomen skal du vere!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove