ATEA i Ålesund har også inngått samarbeidsavtale

Logo - ATEA - Klikk for stort bilde

Det er stas å kunne melde om at stadig nye samarbeidspartnarar kjem på plass, og no er det ATEA i Ålesund som er klare for vinnarlaget. Då høyrer det sjølvsagt med å gje ein presentasjon av verksemda.  

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.04.2019

Ein treng eigentleg ikkje lange stunda på å skjøne at nettopp å kontakte ATEA bør vere det mest opplagte ein gjer, om ein har som ynskjemål å få til ytterlegare og varig verdiskaping. Eit besøk innom nettsida til ATEA gjer oss raskt overtydd om nettopp det.

Høyr berre her:

«Atea er et IT-selskap med 25 lokasjoner, fra Alta i Nord til Kristiansand i sør. Sammen med våre kunder og partnere, bygger våre 1 650 medarbeidere Norge. Du finner også Atea i Sverige, Danmark, Finland og i Baltikum.»

«Sammen med våre kunder og samarbeidspartnere bygger vi et digitalt Norge vi kan være stolte av. Atea har kunnskapen til å hjelpe din virksomhet å digitalisere på en måte som sikrer varig verdiskaping»

«Vi er spesialister i IT-infrastruktur og bruker kompetansen vår til å forme et enda bedre Norge. I nært samarbeid med kundene og partnerne våre skal vi utvikle løsninger som neste generasjon kan være stolte av.»

Ser ein på breidda, også med tanke på forretningsområder, er det ikkje vanskeleg å sjå at verksemda har høve til å bidra sterkt i arbeidet med å bygge eit digitalt Norge.

Infrastruktur, Programvareløsninger, Konsulenttjenester, Skytjenester, Intelligente skilt, IT-sikkerhet, Finansiering, Mobil og Utdanningsteknologi.

Mykje meir om kvart av desse områda, på den flotte nettsida til ATEA

Med dette ynskjer vi også ATEA Ålesund velkomen med på vinnarlaget vårt og ser fram til eit nært og godt samarbeid, ikkje berre dei tre komande åra (som avtalen inngått no tilseier), men også i mange, mange år etter den tid.

Stordalshallen har forøvrig også alt nytt godt av den servicen ATEA yter, m.a. i høve til anskaffelse av nytt lerret, samt anna utstyr som vil bidra til ei langt betre oppleving for publikum også elles.

Vi kan trygt anbefale dei dyktige medarbeidarane ved ATEA i Ålesund.

Stadig like populært!

Tidlegare i år har vi presentert desse nye verksemdene: Norwegian Marine Interior, AKO Consulting AS, Nidaros Data, Elkjøp (Breivika), Artec Aqua og Stranda (Grilstad AS). For eit par veker sidan, kom også IDÈ House of Brands med og no altså ATEA. Dermed blir ATEA Ålesund den åttande verksemda  som kjem på plass i 2018 og før vi blar om på kalenderen vil også Stordal Fysikalske vere på plass. Om nokon kanskje lurer på kvifor det ikkje er fleire, som er komne med, må dei ta ein kikk på veggane i Stordalshallen, for å seie det sånn. Med over 100 samarbeidspartnarar totalt sett, må det først bli ledig plass før nye kan kome med.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove