Avklaringar vedr lagerplass

Etter at vi fekk på plass tilbygget, er det ikkje berre fleire garderobar og toalett som er disponible. Det har også blitt vesentleg betre plass til lagring av utstyr. Då tenkjer vi også på utstyr dei ulike brukargruppene har. Etter møtet sist torsdag, vert endå meir av den ledige plassen teken i bruk og nye grupper har fått plass.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.05.2016
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Tilbygget har gitt oss mykje betre plass også til lagring av utstyr fotograf Bjørnar Midtbust

Her presenterer vi eit referat vi har laga i etterkant var møtet. 

Referat etter møte, torsdag 28. april 2016, vedr disponering av lagerplassen ved Stordalshallen

Møtestad: Stordalshallen

Møtetid: Kl 20.00 – 21.00

Deltakarar: Eilif Falch, Palma F Øvrebust, Claus Hoff og Pål B Øvrebust (alle driftsstyret. Forfall frå Alfred Johansen) Vidare var desse laga/brukargruppene representert slik: Stordal Hornmusikklag v/ Torill Brastad, Stordal Skulekorps v/Silje Reiten, Stordal Helselag v/Jonas Falch. I tillegg vaktmeister Jøran Gudmestad og dagleg leiar Hallgeir Hove.

Etter ei runde rundt i Stordalshallen, både i den gamle og den nye delen, vart alt av lagerplass synfart. (med unntak av dei to lagerromma, som er knytt direkte til idrettshallen med «garasjeportar»)

Undervegs på denne runden og i dialogen etterpå, var det tydeleg at det var semje om utnyttinga av lagerplassen.

Dei viktigste endringane etter dette blir då:

- Stordal Skulekorps/Stordal Hornmusikklag tek i bruk det nye lageret (mot aust) i 2. etasje av tilbygget/nybygget. I tillegg «beheld» dei lite lagerrom inn mot grendasal (vegg mot aust)

- Stordal Skulekorps/Stordal Hornmusikklag «frigir» lagerrommet ved sida av kinorommet i 2. etasje, samt det lille rommet ved sida av sminkerommet v/scena i grendasalen.

- Stordal Helselag overtek dette lille rommet nemnt ovanfor.

Endringar som alt er iverksett:

- Stordal og Liabygda pensjonistlag har teke i bruk det minste lagerrommet i gang mellom grendasal og dei nye garderobane (tilbygget), til lagring av dekkety til 500 personar.

- Klatreutstyret har fått sin eigen plass på lager under trappa til tribuna. (foajeen)

- Det nye lageret (tilbygget) inn mot idrettshallen, vert nytta til bord, trosserigg, scenemodular og stolar. (opprinneleg lager der, vert nytta primært til idrettsutstyr)

Det vart slått fast at dei endringane ein no har gjort ikkje skal gjelde for «evig tid». Om det skulle dukke opp fleire/andre behov i åra framover, må driftsstyret ha muligheit for å bestemme ei anna fordelinga av lagerplassen enn den som vart bestemt no.

Innspel som kom fram i møtet, som ein vil få iverksett:

- Merke hyllene på lageret ved toaletta i foajeen, slik det er lett å finne fram til både søppelsekkar og anna.

- «Nytt» lås på det nye lagerrommet som hornmusikken/skulekorpset no tek i bruk.

- «Nytt» lås på teknisk rom ved garderobane i gamlebygget.

- Samle mykje av lydutstyret, som no er spredd utover på fleire stadar i det rommet ved sida av kinorommet som altså korps/hornmusikk «flyttar ut frå».

Vaktmeister Jøran Gudmestad er alt godt i gong med å sjå på kva som kan gjerast for å få det endå meir praktisk med tanke på lagring av alt frå papir og vaskemiddel og til nemnte lydutstyr. Han vil gripe fatt i det som kom fram i møtet i går, med det aller første.

Vi takkar for frammøtet og gler oss over at vi no har fått avklaringar på plass, som alle ser seg godt tjente med.

Om du vil, kan du sjå eigen førehandsreportasje.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove