Både Grendacup og "Open dag" også denne romjula!

Grendacup 2015 - dei fleste av spelarane i turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse - Klikk for stort bildeGrendacup 2015 - dei fleste av spelarane i turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse Hallgeir Hove Måndag 26. desember er det klart for den 21. utgåva av Grendacupen. Denne gongen med "dalingane" som arrangør. Men det blir endå meir moro i Stordalshallen denne romjula, i og med at vi tek sikte på å få til eit nytt sosialt treff 5. juledag, etter malen frå sist jul. Det var godt over 100 små og store med då, noko som synte at dette aktivitetstilbodet slo særs godt an.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.11.2016

Grendacup 2015 - Øvrebust gjekk sigrande ut av turneringa for dei vaksne - Klikk for stort bildeGrendacup 2015 - Øvrebust gjekk sigrande ut av turneringa for dei vaksne Hallgeir Hove Open hall 5. juledag - spennende å teste ut klatreveggen - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag - spennende å teste ut klatreveggen Hallgeir Hove Open hall 5. juledag - Lars Johan instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeOpen hall 5. juledag - Lars Johan instruerer på skytebana Hallgeir Hove No vil det kome meir info om Grendacupen, etterkvart som det nærmar seg, men medan vi ventar inviterer vi dykk gjerne med på eit tilbakeblikk på både den førre Grendacupen og på mange av dei frå tidlegare år.  

Sjå gjerne også kor kjekt vi hadde det 5. juledag, for snart eitt år sidan, då det altså var Open dag i Stordalshallen. Vi siktar oss inn på å tilby dei same kjekke aktivitetane denne gongen.

På Stordalshallen si facebookside, finn ein eit eige galleri med bilder frå arrangementet sist jul

Sjå elles Barnas juleprogram for fleire detaljar og det omfattande programmet elles.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove