Vårkonsert 2014 - plakat
Vårkonsert 2014 - plakat
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Skulekorps og aspirantane frå 60-års jubileet i oktober 2013 fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Hallgeir Hove
Full idrettshall, når helselaget arrangerer basar! fotograf Hallgeir Hove

Både helselagsbasar og Vårkonsert denne helga!

Søndag 27. april, er det klart for Vårkonsert med Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag i Stordalshallen. Men alt på fredagen, går den tradisjonsrike helselagsbasaren av stabelen same stad!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.04.2014

Når Stordal Helselag inviterer til basar førstkomande fredag, skal dette vere nr 101 i rekkja!  Som kjent hadde helselaget vårt nyleg også stort 100 års jubileum og det bør absolutt vere på sin plass å ta eit lite tilbakeblikk på både jubileumsarrangementet og dei mange flotte basarane deira!

Vårkonsert på søndag!

Søndag 27. april, er det så klart for Vårkonsert med skulekorpset og hornmusikken. Det er mykje film- og populærmusikk som står på programmet. Frå Skulekorpset kan ein vente seg Gangamstyle, The Fox og fleire spennande musikkstykker. Hornmusikken kan by på bl.a. Mission Impossible, Pirates of the Caribbean og Skyfall. På denne siste er Jenny Marita Sørås sangsolist.

Aspirantane til Skulekorpset skal både spele og danse, så her er mykje å glede seg til.

Det vert også høve til å kjøpe lodd til det store bunadslotteriet, der hornmusikken vil trekke vinnaren av ein herrebunad utpå hausten. Kaffi og kaker vert seld i kiosken.

Eit tilbakeblikk på den flotte jubileumskonserten til Stordal Skulekorps kan det vere kjekt å ta. I tillegg sjølvsagt også dei mange flotte konsertane både skulekorpset og hornmusikken vår har stått bak. (det er berre å fylje lenkene som dukkar opp i reportasjane!)


Sjølve konserten på søndag startar kl 18.00, men alt kl 17.30 opnar kafeen og då veit vi kva godkaker som ventar!

Dermed kan vi sjå fram til ein ny flott helselagsbasar på fredag og super konsert på søndagen!

Dette blir stor stas!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove