Stordal Skulekorps - Jubileumskonsert 27 okt 2013
Her presenterer vi den flotte plakaten i høve jubilemskonserten til Stordal Skulekorps
Fotograf: Hallgeir Hove
Årets utgåve av Stordalstrøkk vert på ny frå flott rigga scene i idrettshallen. Her ser vi Neighbour´s Pain i aksjon i 2011 fotograf Hallgeir Hove
Stordalstrøkk 2013 - plakat
Legg merke til at det også denne gongen vert lagt til rette for at ein lett kjem seg heim, etter arrangementet

Både Stordalstrøkk og jubileumskonsert til helga!

Stordal Skulekorps sin store jubileumskonsert i høve 50 års jubileet, går av stabelen på søndag den 27. oktober. Men tru ikkje at det er det einaste som skjer i Stordalshallen komande helg. På laurdagskvelden er det nemleg også full rulle, når Stordal Ungdomsklubb på ny inviterer til Stordalstrøkk! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.10.2013

Det blir med andre ord litt av ei helg å sjå fram til, for både små og store, dette her.

Jubileumskonsert på søndag

Når skulekorpset vårt no kan sjå attende på heile 50 års teneste for musikklivet i Stordal, vil dette verkeleg bli markert på søndag! I tillegg til korpset sjølve, vil vi få oppleve gjestande korps og i tillegg deltek sjølvsagt også Stordal Hornmusikklag. Vi får vere med på kjekke tilbakeblikk frå korpset si lange og flotte historie og mykje meir.   

Sjå gjerne vår tidlegare førehandsreportasje for meir om jubileumskonserten. Der finn du også lenker til fleire andre reportasjar om det flotte korpset vårt!

Jubilantane har også oppretta ei eiga hending på facebook, kalla 50 år med Stordal Skulekorps. Der kan du også få med deg meir. Ikkje minst kan du også vise at du er klar for jubileumskonsert og i tillegg sjølvsagt dele denne hendinga med alle dine venner, både fjern og nær!  

Stordalstrøkk på laurdag

Som tidlegare år, vert det ein miks mellom livemusikk og diskotek, når den 7. utgåva av Stordalstrøkk går av stabelen komande laurdag. Det er gledeleg å registrere at det eine flotte live-bandet, etter det andre kjem på plass. På facebook-sida til arrangørane, ser vi at både Endgame, Poseidon og Kjeft, alt er klare! DJ Au´net vil syte for å få opp stemninga innimellom alle live-innslaga.

Meir om Stordalstrøkk finn du også i tildlegare reportasjar.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove