Barnas juleprogram 2016

Førjulskonsert i kyrkja 14 des 2013 - Klikk for stort bildeFørjulskonsert i kyrkja 14 des 2013 Hallgeir Hove Tradisjonen tru har vi også for denne jula laga til ei oversikt over mykje av alt det som skal skje i Barnas kommune. Oversikta omfattar perioden frå no og fram til og med 1. nyttårsdag. Liten tvil om at det er ein heil del å gle seg til å vere med på.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.11.2016

I tillegg til arrangementa og aktivitetane retta mot born og unge, har ein også denne gongen teke med det ein kjenner til av tilbod for dei vaksne. (På flygeblada som vert distribuert ut no, vil ein då finne desse på baksida av arket)

Når ein tek seg tid til å studere denne oversikta over arrangement og aktivitetstilbod, kan ein nok ikkje unngå å verte imponert over alt det vi får til i denne lille kommunen vår. Her bør det vere noko for ein kvar smak og så er det igjen berre å oppmode alle til å få med seg mange flotte opplevingar ute i det fri, anten det no vert med eller utan snø.

For mange av aktivitetane og arrangementa, viser vi også til eigne førehandsreportasjar både på heimesider og på facebook.

Barnas kommune ynskjer alle saman ei retteleg flott førjulstid og sjølvsagt etterkvart også ei flott julehøgtid!

Barnas juleprogram vil som vanleg bli distribuert ut til alle husstandane og i tillegg kan ein få dette på sørviskontoret til Stordal kommune.

Sjå det omfattande juleprogrammet her! (PDF, 644 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove