Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal og Sykkylven sine gutar i 10 års klassa (2012) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Sunnmøringen
Ronny Ødegård har m.a. vore hovudtrenar for Fortuna fotograf Sunnmøringen

Barnefotballkveld

Fotballgruppa arrangerer Barnefotballkveld i Stordalshallen, torsdag 21. mars. Det er Sunnmøre Fotballkrets som har regien og det heile varer frå kl 1800 til kl 2100. Møt opp og få med deg mange gode råd og tips.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.03.2013

Hovudmålgruppa er aldersklassane 7-12 år, men også for aldersgruppa 13-16 år er dette glimrande for. Det er Ronny Ødegård frå Stranda som skal ta oss gjennom denne kvelden. Ødegård har mange års erfaring som trenar både for aldersbestemte lag og seniorlag. M.a. har han vore hovudtrenar for Fortuna.


Programmet blir slik:

18.00-19.00: Teori
19.00-20.15: Praksis, demonstrasjon av veileder (J16-spelarane er objekt inne i Stordalshallen)
20.15-21.00: Oppsummering, vegen vidare…

Sett av denne kvelden allereie no, her vankar det mange gode råd og tips som ein kan drage nytte av i fotballkvardagen framover.

Denne informasjonen er også gått ut til kontaktpersonar/trenarar rundt alle dei aldersbestemte laga. Enkelte lag har kanskje fleire involverte foreldre/hjelpetrenarar eller anna støtteapparat. Få gjerne med desse og!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove