Berre ei veke att til folkefesten startar!

I morgon, fredag den 20. juni, er det berre ei veke att til Stordalscup 2014! Alle veit at dette er folkefesten over alle folkefestar og då tenkjer vi slett ikkje berre på dei fotballinteresserte. Stordalscup er nemleg så uendeleg mykje meir. Men til alle dei som har planar om å delta i fotballturneringa, er det viktig å merke seg at det no på det næraste er fullteikna! Sjekk programmet for den 34. utgåva av Stordalscup!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.06.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Då er det berre ei veke att til folkefesten og ventetida er dermed snart over, for såvel dei fotballinteresserte som alle andre! fotograf Hallgeir Hove

For meir om alt det du kan oppleve på Stordalscup, viser vi til våre mange tidlegare reportasjar. Fleire hundre friviljuge står på ny klare til å gje dei tusenvis av besøkjande ei helg fullspekka med flotte opplevingar. Ja, faktisk har besøkstalla i løpet av cuphelga i mange år vore så høge som 7 000. Men kanskje er ikkje dette så rart, når ein ser på alt det Stordalscup har å by på?

Men er laget ditt påmeldt?

På Stordalscup si nettside kan ein fylje med frå minutt til minutt, når det gjeld talet på påmeldte lag og kva klubbar det er som skal delta. I skrivande stund er det heile 89 lag som er påmeldt! Når ein så veit at "smertegrensa", i høve til antall deltakande lag, ligg på om lag 100, ja sa skjønar ein sikkert at det no hastar med påmeldinga.

VELKOMEN TIL KIRKEBØ STADION, TIL STORDALSHALLEN, JA, RETT OG SLETT VELKOMEN TIL STORDALSCUP - FOLKEFESTEN OVER ALLE FOLKEFESTAR! 


 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove