Berre ei veke att til heile fylket kjem på besøk!

Fylkesfestival av UKM 2018 - plakat korrigert - Klikk for stort bildeFylkesfestival av UKM 2018 - plakat korrigert UKM M&R

Fredag 27. april er det endeleg klart for opning av UKM Fylkesfestival 2018. Det er naturlegvis stor stas for oss at det er nettopp her i Stordal kommune det skal skje denne gongen og vi gledar oss veldig til å ta imot dei hundrevis av unge frå heile Møre og Romsdal. I tillegg til deltakarar, kjem det sjølvsagt også mange fleire med dei og det vert full rulle heile helga til ende. Ja, ein kan sikkert hevde at folketalet vil auke med 40% i høve festivalen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.04.2018

I skrivande stund startar vi altså nedtellinga for fullt, med tanke på UKM Fylkesfestivalen 2018 og om ei veke vil mykje mediemerksemd bli retta inn mot det som skjer her i Stordal kommune i løpet av desse tre hektiske dagane. 

Mange lurer nok på kva dei kan få oppleve neste helg og for oss som har oversikt over deltakarane og det dei står for, kan vi love at det definitivt kjem til å bli noko for ein kvar smak, det kjem til å spektakulært, rørande, vakkert, grensesprengjande, ja i det heile tatt berre fantastisk flott!

I Stordalshallen blir det ikkje mindre enn seks forestillingar i løpet av helga (sjå plakaten) og ved Stordal Bedehus vert utstillinga opa både laurdagen og søndagen. Det vil i tillegg også bli arrangert minikonsertar rundt om i Stordal.

 

Lurt å sikre seg billett på førehand?

Når det gjeld dei seks sceneforestillingane er det altså i Stordalshallen dette skal skje. Der vil då Molde Live AS rigge opp i idrettshallen med det mest avanserte innan lyd - og lysutstyr, det vil bli fleire storskjermar av det proffaste slaget ja, enkelt og greitt noko ein berre må oppleve! No rommar idrettshallen mykje folk den, men ei slik helg - og med så mykje folk som ynskjer å få med seg det heile - blir det garantert lurt å sikre seg billettar på førehand. Det ville vere for dumt om ein t.d. køyrer frå Nordmøre og til Stordal for så å ikkje få seg billett. Du kan t.d. sikre deg å få med deg absolutt alt, ved å kjøpe deg helgapass (6 konsertar for 4), eller du kan ordne deg med eit dagspass for laurdagen (som i røynda gir det 3 konsertar til prisen for 2). Du kan også kjøpe billett til ei konkret forestilling.

Meir om førehandssalet av billettar (PDF, 84 kB)

Om du tek sjansen på å avvente, og kjøpe billett i døra, kan du bruke både kontantar, kort eller Vipps i Stordalshallen. (men kanskje lurt å bestemme seg for ein av delane då... :) )

 

Ver tidleg ute!

Uansett om du har billett frå før, eller skal ordne dette i døra, seier det seg sjølv at du bør vere på plass i god tid. Då kan du unngå stress med tanke på å få parkert bilen, ja kanskje kan det også smake med eit kakestykke og ein kopp kaffe i kafeteriaen vår, for å finne roa, før forestillinga startar? Til alle som bur i nærleiken av Stordalshallen og skal ha med seg forestillingane, vil det vere veldig fornuftig å ta beina fatt - ikkje minst i samband med eit arrangement som dette.  

 

God erfaring med større arrangement

No er vi rett nok den minste kommunen i Møre og Romsdal, når det kjem til folketal, men erfaringar frå større arrangement har vi heldigvis i høgste grad frå før. Dette trur vi vil kome godt med når vi no står som vertskap for så mange. Vi har gode erfaringar også frå tidlegare, i høve til dette med at innbyggjarane stiller opp og vi kan faktisk oppleve at så mykje som 30% av innbyggjarane er med som funksjonærar på enkelte av desse arrangementa! Av tidlegare større arrangement kan vi nemne flotte opningsfestar i samband med at vi har fått nye tunnelar på plass. Då også med statsminister og det heile på besøk. Vi har vidare arrangert fleire fylkespensjonisttreff og faktisk også fleire NM i alpint. Eit NM i skihopping for veteranar har vi også stått bak. Den eine gongen det var Landsfinale i alpint, løyste vi faktisk utfordringa knytta til overnatting ved å ta i bruk Hurtigruta! Den låg då til kai i Stordal ei heil veke. Ikkje minst snart 40 år med Stordalscup, som kvart år samlar om lag 7 000, gjer at vi kan hevde at vi har bra erfaring med større arrangment her i Stordal!

Når vi denne gongen skal huse nærare 400 gjestar frå fjern og nær, er dette mulig takka vere stor velvilje frå såvel skule, barnehage, sjukeheim, frivilligsentral osv. Bedehuset har vidare stilt lokala sine til disposisjon til kunstutstillinga og ikkje minst har responsen frå lag og organisasjonar vore særs god. 

 

I dagane framover, kan det vere lurt å fylje ekstra godt med på det som skal skje og på UKM Møre og Romsdal si nettside og på UKM Møre og Romsdal si facebookside får du med deg det aller siste, når det gjeld det som skal skje.

For meir om UKM Fylkesfestivalen 2018, viser vi til nettsida til UKM

UKM Møre og Romsdal på facebook

..og til våre tidlegare førehandsreportasjar!

 

Då har nedtellinga starta for alvor folkens. Dette skal bli flott!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove