Berre ei veke att!

Vinjehjellane arrangerte Årsfesten også i 2010 og for ein fest det var!  - Klikk for stort bildeVinjehjellane arrangerte Årsfesten også i 2010 og for ein fest det var! Hallgeir Hove

Det er no berre ei veke att til grenda Vinjehjellane står klare til å ynskje oss velkomen til Årsfest for Stordalshallen. Årets fest er den 20. i rekkja, noko som også stadfestar at vi er inne i eit jubileumsår for storstova vår. Arrangementet går som kjent på omgong mellom grendelaga i Stordal kommune og dette blir då Vinjehjellane sin tredje. Det er heller ikkje rart at absolutt alle berre må ha med seg desse festane. Når vi ser attende også på denne grenda sine tidlegare festar, er det ikkje rart det er mange som gler seg no!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.02.2017

Gruppa "Spark" kjem garantert til å bidra til at det blir stor stemning på dansen!  - Klikk for stort bildeGruppa "Spark" kjem garantert til å bidra til at det blir stor stemning på dansen! Ørskog Videoklubb er alltid på plass. Vi er heldige! Dei mest observante ser også lydmann Lasse i sving her - Klikk for stort bildeØrskog Videoklubb er alltid på plass. Vi er heldige! Dei mest observante ser også lydmann Lasse i sving her Hallgeir Hove 14. oktober 1994, tok ordførar Olav Bratland det første spadetaket. På laurdag tek han oss med tilbake - Klikk for stort bilde14. oktober 1994, tok ordførar Olav Bratland det første spadetaket. På laurdag tek han oss med tilbake Årsfest for Stordalshallen 2017 - plakat. Say no more! :)  - Klikk for stort bilde

Når vi ser på programmet for kvelden, er det liten tvil om at alt ligg til rette for ein skikkeleg heilaften, fullspekka med flotte opplevingar. Før det som sjølvsagt er det absolutte høgdepunktet for kvelden, nemleg revyen, tek vi oss tid til eit raskt tilbakeblikk på kva det var som gjorde det mulig å realisere eit slikt fantastisk prosjekt. Vi er veldig glad for at tidlegare ordførar Olav Bratland sa ja til å ta oss med tilbake og med god hjelp frå Frode Færøy, som er ein kunstnar med film og bilder, kjem dette til å bli skikkeleg flott. Takk også til John Kristian Hjelle, som sytte for å digitalisere filmen frå opningsfesten i 1997.

Kva vi får oppleve på scena er det ingen som veit. Eller for å vere meir presis, er det ingen andre enn programkomiteen sjølve som veit dette. Men det vi er 100% sikre på, er at dette kjem til å bli knallbra og det er mest ikkje råd å vente lengre før vi får oppleve dette.

Legg også merke til at arrangørane har "hyra inn" det dyktige bandet "Spark" til å syte for god stemning på dansen. Det var mange av oss, som fekk oppleve dei i samarbeid med Maria Holand Tøsse før jul og vi let oss verkeleg imponere!

Også denne gongen kan vi gle oss over at dei dyktige folka hjå Ørskog Videoklubb er på plass. Dermed er vi sikra at også denne Årsfesten vert foreviga og i tillegg er det altså slik at det vil vere mulig også for dei som sit lengst bak i idrettshallen og få med seg det som skjer på scena via storskjermane. Men aller best vil ein uansett få med seg det som skjer på scena om ein sit relativt nært denne. Legg merke til at dørene opnar kl 18.45!

Som tidlegare er det Lasse Døving frå Stranda, som har kontrollen med det lydtekniske.

PROGRAM FOR 20 ÅRSFESTEN DEN 25. FEBRUAR 2017:

18:45 Dørene opnar
19:30 Markering 20 årsjubileum v/Olav Bratland
20:00 Beinstrekk og påfyll
20:15 Revy
21:00 Spekemat
21:45 Revy
22:30 Dans med ”Spark”
02:00 Slutt

Sjå gjerne også vår reportasje om Stordalshallen sitt jubileum, presentert på dagen 20 år etter at storstova vår vart offisielt opna

På sjølve jubileumsdagen den 25. januar, hadde vi også ei kjekk markering. Her kan du sjå meir om denne og elles finn du lenker til fine reportasjar både i Sunnmørsposten og Storfjordnytt der

I 2010 hadde Vinjehjellane også ein fantastisk flott Årsfest og presenterte den gongen revyen "Øss geiter og geistelege mellom". Her er reportasje frå den gongen

...og i eige bildegalleri på Stordalshallen si heimeside, finn ein nærare 30 bilder frå den gongen

Sjå arrangørane sin eigen plakat for Årsfest 2017! (JPG, 2 MB)

Ikkje minst oppmodar vi alle til å besøkje arrangørane si side på facebook. Det er også oppretta ei hending, der det ligg spanande førehandsstoff. Lik og del!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove