Fotograf: Dyrkorngrenda
Plakat - Årsfest 2012 fotograf Dyrkorngrenda
Fotograf: Privat
Det skal bli spanande å sjå kva for sprell Åreknutekoret har å by på! fotograf Privat
Fotograf: Privat
Åreknutekoret er kjend for å presentere artige revyinnslag fotograf Privat
Fotograf: Privat
Åreknutekoret byr også på acapella fotograf Privat
Fotograf: Pressefoto
Det er det populære dansebandet "Listen to the Band" som tek hand om dansemusikken fotograf Pressefoto

Berre ei veke att!

I morgon er det berre ei veke att til Årsfesten for Stordalshallen og årets utgåve er den 15. i rekkja! Det er Dyrkorn som er arrangør denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.02.2012

Når dyrkornbygdarane no inviterer oss til Årsfest er det ikkje første gongen dei gjer nettopp det. Grenda er nemleg den første til å arrangere for 3. gong. Det er sjølvsagt særs gledeleg at ein på denne måten fører vidare den flotte tradisjonen som desse festane er blitt.

Interessa for Årsfesten er truleg ikkje blitt mindre, etter kvart som det har synt seg vanskeleg å få nokon til å våge ta på seg å arrangere Dansegalla om hausten. Slik sett vert Årsfestane på sett og vis den einaste som er att av dei gode gamle ”bygdafestane”. Det er sjølvsagt også av den grunn å håpe at oppslutninga vert stor.

Arrangørane har oppretta ei eiga hending på facebook slik ein kan ”melde sin ankomst” også på den måten. Det er alt nærare 150 som har gjort nettopp det. Truleg vil det verte langt fleire, dei næraste dagane. Det er sjølvsagt flott om du vil invitere andre med på denne festen vår, anten du gjere det ved hjelp av facebook, eller på anna vis. Facebook-hendinga finn du HER.

Festen neste laurdag fyl malen frå tidlegare år, med program, festmiddag og dans. Dyrkorn har denne gongen også satsa på å hente inn den humoristiske gjengen som kallar seg ”Åreknutekoret”. Utan å røpe for mykje på førehand, er det klart at dei byr på alt frå artige revyinnslag, til acapella.

Etter festmiddagen, er det så det populære dansebandet ”Listen to the Band” sin tur. Dei har også tidlegare vitja Stordal og då med særs gode tilbakemeldingar. Sjå meir om dei HER (sjå bilder, les meir om bandmedlemmane og les eige presseskriv)

Vi merkar oss også at arrangørane denne gongen legg opp til sal av bongar, for å unngå at du må stå i kø.

Dørene opnar kl 18.00, laurdag den 25. februar og då vil ”lettare solbrente” dyrkornbygdarar stå klare til å ta imot og gje oss ein flott kveld.

Med dette startar vi verkeleg nedteljinga og ser fram til ein ny flott Årsfest for Stordalshallen!

Sjå gjerne også vår tidlegare førehandsreportasje HER. (der finn ein også tilbakeblikk på mange flotte Årsfestar dei siste åra)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove