Fotograf: Hallgeir Hove
Nærast utan unntak i snart 40 år, er det slik vi har vore vande med at været er, under Stordalscup fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen er det også mykje liv og røre. I tillegg til loppemarked, kafe, messe og underhaldning, er det også høve til å teste ut klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Under Stordalscup 2015, fekk dei yngste også prøve seg som brannkonstablar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje som skjer også på utescena ved stadion fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørnar Midtbust
På dette bildet får ein eit visst inntrykk av kor folksamt det er under Stordalscup. I tillegg til dei markane ein ser her, vert ytterlegare fleire nytta, for å få plass til alle bilane! fotograf Bjørnar Midtbust

Berre fem veker att til Stordalscup!

Ja, du les faktisk rett! I skrivande stund er det berre ei veke att av mai månad og dermed startar vi verkeleg nedtellinga til Stordalscup 2016. Folkefesten over alle folkefestar startar opp på fredag den 1. juli og så vert det tettpakka med program til langt ut på søndag ettermiddag, den 3. juli.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.05.2016

I og med at dette er eit arrangement, som er blitt arrangert kvart år i nærare 40 år, har dei fleste her i kommunen eit veldig nært forhold til dette. Om ein tel med alle, som i større eller mindre grad er på å arrangere Stordalscup, utgjer nok dette minst 1/4 av alle innbyggjarane i kommunen. Ikkje rart då at dei som har vore med på Stordalscup, hevdar at dette er den aller gjevaste å delta på. Då siktar vi til dei mange aldersbestemte laga som kjem att, år etter år. Påmeldinga er komen godt i gong også til årets turnering og det vil vere lurt å vere om seg, om ein ynskjer vere med. I enkelte klasser er det alt fem lag som er klare og då skjønar ein at det nærmar seg fullteikna. Meir om påmelding i reportasjen på Stordalscup si heimeside.

I tillegg til dei omlag 1 000 unge fotballspelarane som deltek, er det også rekordstort innrykk av andre. Totalt sett reknar ein med at det er over 7 000 personar innom, i løpet av cuphelga og det er sjølvsagt uendeleg mykje meir enn fotball som skjer. Ja, for mange er det faktisk slik at dei kanskje ikkje har planar om å få med seg ein einaste kamp, men rett og slett berre få oppleve alt det andre. Stordalscup kan nemleg by på alt frå eit rekordstort loppemarked, til ei rad med messestandar med unike cup-tilbod. Vidare er det sjølvsagt tivoli for dei som likar dette, det er ei rad kjekke konkurransar gratis å vere med på, det er masse flott underhaldning frå både scena i Stordalshallen og ved stadion. Sjølvsagt høyrer også eigen cupdans med og på desse er det slett ikkje uvanleg at det fort nærmar seg 1 000 besøkjande!  Vi har sagt det før og gjentek gjerne: Skal du få med deg mest mulig denne helga, bør du lese programmet nøye og prøve å lage deg ein plan for kvar du skal opphalde deg til ei kvar tid.

Les meir i vår tidlegare førehandsreportasje og sjekk lenker til mykje meir informasjon. Ikkje minst kjekke tilbakeblikk på ei rad tildlegare folkefestar, finn du der.

Med dette konkluderer vi med at nedtellinga har starta for fullt og vi reknar med at det er mange der ute, både store og små, som verkeleg gler seg til at Folkefesten over alle folkefestar på ny går av stabelen her i Stordal!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove