Fotograf: Årsfest 2013
Det er duka for mange artige innslag frå denne gjengen på laurdag! fotograf Årsfest 2013
Fotograf: Hovslia/Røbbane
Årsfest 2013 - Plakat fotograf Hovslia/Røbbane

Berre to dagar att til Årsfesten! Vert det publikumsrekord?

I skrivande stund er det berre to dagar att til den 16. Årsfesten for Stordalshallen og vi registrerer enorm interesse for det som skal skje, både på facebook og elles. Det er slett ikkje usannsynleg at det kan bli publikumsrekord denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.02.2013

Arrangørane denne gongen, Hovslia og Røbbane, har i lengre tid nytta facebook for å pirre nyskjerrigheita vår. For kort tid sidan oppretta dei i tillegg ei eiga hending der og det tok ikkje lange stunda før ein passerte 200 personar som skal delta!

Få gjerne med deg dei mange artige innslaga som ligg ute på facebooksida til arrangørane!

Om du enno ikkje har meldt din ankomst, kan du gjere dette her!

Vi minner også om at dørene opnar kl 18.30 på laurdag! Det vil utvilsamt vere lurt å vere på plass alt då! Her vert det nemleg mange som vil sikre seg orkesterplass!

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar om det som skal skje!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove