Årsfestplakat 2015
Denne flotte plakaten vert i desse dagar hengt opp rundt om på Sunnmøre
Voldingane - Årsfest 2015
Det er "Voldingane" som skal stå for dansemusikken, noko dei har lang, lang erfaring med. Nei, dei kjem ikkje frå Ørsta! :)

Berre to veker att til årets store fest!

På laurdag er det kun to veker att til det som for dei aller fleste er årets store begivenheit. Vi snakkar sjølvsagt om Årsfest for Stordalshallen og når vi kan slå i bordet med at dette er den 18. i rekkja, er det all grunn til å hevde at dette både er blitt som ein institusjon å rekne og i høgste grad ein tradisjon! I år er det grenda lengst nede ved sjøen som er arrangør og dei som står bak revyen, hevdar fyljande: "Bere å ver nejafør enn utafør!"

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.02.2015

Med dette startar truleg også spekulasjonane knytt til kva vi kan vente oss av revyinnslag og anna frå scena. Sjølve revyen er naturlegvis ein viktig del av desse festane og stemninga brukar å vere veldig stor. Men i tillegg skjer det som vanleg mykje anna, ikkje minst vert det etterkvart også dans. Men før den tid har alle også fått nyte eit betre måltid mat, i hyggeleg lag.

Arrangørane fører vidare suksessen med eigen trubadur og denne gongen er det Odd K Fløtre som har fått det ærefulle oppdraget. Han kjem til å underhalde publikum frå pianoet sitt så mykje det berre måtte vere ynskje om og dermed dreg han opp stemninga alt frå kl 18.30, når alt saman opnar.  

Dansemusikken er det "Voldingane" som tek hand om og når vi les meir om dei, forstår vi kvifor arrangørane har valgt å satse på nettopp dei.

"Ein kveld med "Voldingane" har alltid vore, og vil vere, ei reise i musikkhistoria, der kommunikasjon med- og inkludering av publikum står i fokus. "Voldingane" serverer noko for ein kvar smak. Likar du å danse så har du absolutt noko å sjå fram til med desse to karane bak "spakane"."

Meir om trubadur Fløtre kan du lese her

Noko særleg meir enn dette har vi ikkje klart å få ut av Nejaføringane, men det vi veit vidare er at Ørskog Videoklubb vil vere på plass også denne gongen, noko som m.a. er med på å gjere det mulig å få med seg det som skjer på scena, sjølv om ein sit langt nede i idrettshallen. Med godt opp mot 500 gjestar på plass er det nok ikkje dumt å vere tidleg ute, om du har lyst til å velje sjølv kvar du ynskjer å site. Når trubadur Fløtre spelar opp alt frå kl 18.30, bør dette vere eit enkelt val.

Vi kan sjølvsagt også oppmode alle om å fylje med på facebook, dei siste to vekene. Arrangørane har for lengst oppretta eiga side der og i går vart det også oppretta ei hending. Berre på ein time var det registrert over 100 personar som skulle ha med seg Årsfest 2015. Når det no har gått ein dag, er talet oppe i 150. Også dette er med på å stadfeste den possisjonen dette arrangementet har der ute.

Også i forkant av denne Årsfesten vert det tid til prisutdelingar. Denne gongen er det Stordal kommune sitt kulturstipend, som skal delast ut. I tillegg vil vi også foreta ei offisiell opning av tilbygget ved Stordalshallen. Begge deler kjem til å bli vel verdt å få med seg og eit flott høve til å kunne dele ut litt ekstra heider og ære.

Sjå gjerne også vår tidlegare førehandsreportasje, som knyter årets fest saman med tidlegare suverene Årsfestar. 

På den nye nettsida Øvre Stordal, som Frode Færøy står bak, peikar ein på at den 21. februar er dagen for "Revy og topptur kombo"   Vi har ingen vanskar med å vere samd i dette. For ein dag dette kjem til å bli! Ta deg gjerne ein kikk innom og les meir om både toppturen og ikkje minst også det som vert presentert der om Årsfesten!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove