Fotograf: Hallgeir Hove
BIG Valley VOICES kan å lage liv på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bokseoppvisning fekk vi og fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria gir alt som korleiar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flott kor fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria fekk blomsterkrans av kordamene og den kledde ho sjølvsagt godt fotograf Hallgeir Hove

BIG Valley VOICES innfridde forventningane!

Sommarshowet med BIG Valley VOICES, i Stordalshallen i går kveld, vart verkeleg flott. Etter premierekonserten deira i januar, som også var super, har dei tatt ytterlegare nye steg og det er rett og slett imponerande flott å høyre dei 23 damene i sving.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.06.2015

Sjølv om søndagskvelden var av det nydelege slaget, reint vermessig og at det vel er rett å hevde at dette var den andre dagen med ophaldsver dei siste seks vekene, var det særs gledeleg å registrere at så mange valgt å kome på konsert. Ja, det skulle faktisk vise seg at det vart behov for langt fleire stolar og bord enn det koret hadde rekna med på førehand. Godt då at det var i idrettshallen konserten vart avvikla denne gongen.

Etter ein stilfull innmarsj, fekk vi den eine supre låta, etter den andre og det er tydeleg at damene har øvd skikkeleg bra dette siste halve året. Nye låtar er øvde inn og i går kveld vart dei framført på glimrande vis i Stordalshallen, der publikum også krevde ekstranummer før damene fekk gje seg.

At det blir show med Maria som både dirigent og programleiar, er det ikkje vanskeleg å skjøne, men i tillegg fekk vi også oppleve Anna Stemland og Lise Merete Bull i nærkamp med boksehanskar på. Dette var i samband med låta Eye of the Tiger (frå filmen "Rocky") Veldig humoristisk og veldig flott!

Vi fekk også høyre den eine solisten, etter den andre og dyktige var dei alle saman. Innlagt pause, der publikum kunne innta dei beste kakene ein kan tenkje seg, var det sjølvsagt og.

No gler vi oss alt til neste gong det supre koret vårt, er klare for å invitere til konsert på ny! 

Sjå gjerne vår førehandsreportasje med lenke til reportasjar etter konserten i januar

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove