Big Valley Voices skapte "Disney-stemning"

Big Valley Voices - Disney Voices 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices 2017 Hallgeir Hove

Big Valley Voices hadde valgt musikk frå Disney-klassikarar som tema, til sommarkonserten sin fredag 9. juni. Vi kan trygt slå fast at dei klarte å skape ei rett flott "Disney-stemning" og vidare konstaterer vi at det er høgt nivå på framføringa. I tillegg til at damene sjølve vert stadig flinkare, bidrog naturlegvis også bandet på fire og eigen gjestesolist til at dette verkeleg vart ei flott oppleving. Ståande applaus frå salen, stadfesta dette.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.06.2017

Big Valley Voices - Disney Voices 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices 2017 Hallgeir Hove Big Valley Voices - Disney Voices 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices 2017 Hallgeir Hove Big Valley Voices - Disney Voices 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices 2017 Hallgeir Hove Big Valley Voices - Disney Voices 2017 - Klikk for stort bildeBig Valley Voices - Disney Voices 2017 Hallgeir Hove

Det var dirigent og leiar for koret, Solveig Maria Nedregård, som ynskte velkomen til konsert og som elles også på glimrande vis var programleiar. I forkant av kvart innslag, fekk ho oss nemleg til å sjå føre oss dei store augneblinka i filmane musikken var henta frå. Stilfulle kostymar var ytterlegare med på å skape denne magiske "Disney-stemninga", som t.d. då Kjersti Hjelle entra scena som Mary Poppins og då gjestesolist Elias Hasle nærast kom flygande gjennom lufta, som Scar (frå Løvenes Konge). Veldig stilig. Etter det vi kjenner til, var det Rebekka Helland, som hadde vore sminkør der. 

Denne gongen hadde damene satsa på eige band i tillegg og det gjorde opplevinga endå større. Dette var nemleg musikarar som verkeleg leverte. På tangentar: Mass Peter Jelle. På gitar og ukulele: Frank Iversen. På bassgitar: Morgan Pedersen og på slagverk: Adrian Nakken. Så tek vi meir enn gjerne også med at Lasse Døving nok ein gong hadde stålkontroll på lyden. (Om få dagar er han på plass att på ny, når det skal vere folkefest i dalen. Det startar med m.a. utekonsert med "Innertier" på fredagskvelden)

Sjeldan har det vel vore vakrare scenesetting enn denne kvelden, der vi kunne nyte m.a. Dyrdalstinden, Fokhaugtinden, Storbuen og Storlihornet som bakgrunn. Det er Bjørn Hjelmseth som er fotografen og det svære banneret er laga i høve Helland Møbler sitt 70-årsjubileum i år.

Noko av det som også gjer konsertane til Big Valley Voices så kjekke å få med seg, er det enorme utvalet av såvel finkaker som anna. Både i forkant av konserten og i den 20 minutter lange pausen midtvegs, kunne vi rett meske oss med godsakane.

Sjølv om kor-medlemmane - og vi med dei - nok hadde håpt at endå fleire hadde kome på konserten deira på fredag, det er nemleg ikkje få timar med øving som er gått med for å få dette til å låte så bra, kan iallefall vi som var der slå fast at dette var imponerande saker. Vi er rett og slett priviligerte, som har eit slikt flott kor i bygda vår!

Sjå eigen førehandsreportasje, for meir om Big Valley Voices (m.a. lenke til tidlegare galleri)

Sjå eige bildegalleri frå konserten den 9. juni, på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove