Bjorliheimen Hotell og Møtesenter
Liten tvil om at Bjorliheimen ligg plassert i eit naturskjønt område!
Fotograf: Byline stor
Her ser vi det flotte hotellet frå ein litt annan vinkel fotograf Byline stor
Bjorliheimen Hotell og Møtesenter - resepsjon
Resepsjonen er berre litt av alt det som er pussa opp dei siste par åra
Fotograf: Cecilia Sbertoli, KNIF
Sveinung, ein pioner innan gjenbruk. Her mottek han pris frå Knut Wollebæk fotograf Cecilia Sbertoli, KNIF
Fotograf: Privat
Sveinung Lianes ynskjer deg velkomen til Bjorliheimen Hotell og Møtesenter fotograf Privat

Bjorliheimen Hotell og Møtesenter har også kome med på vinnarlaget!

Det er med stor glede vi kan meddele at også Bjorliheimen Hotell og Møtesenter har inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen. Det som er ekstra stas her, er at det er stordalingen Sveinung Lianes som driftar det heile.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.06.2016

Bjorliheimen - der øst møter vest 
Det er liten tvil om at Bjorliheimen si plassering opnar for ei rad spanande muligheiter og ein har også mange ulike overnattingsalternativ. Høyr berre her: 

Hotellet har ikkje mindre enn 130 sengar. Vidare har han 15 hytter til utleige og heile 40 caravanplassar m/elektrisitet. Eit stort sanitærbygg, høyrer også med. I hyttene er det både dusj, klosett og eigen kjøkkenkrok.

"Prisene er i utgangspunktet lagt på et nivå som i aller høyeste grad er konkurransedyktige." 

Sveinung også gjenbrukspioner!
På hotellet har Sveinung også fått plass til ein av misjonssentralane sine gjenbruksbutikkar. Det var faktisk han som starta opp den første gjenbruksbutikken til Misjonssentralen. Dette skjedde på Fagernes hausten 2005. Butikken fekk namnet "Sareptas krukke". Då Sveinung - som syttiåring i 2014 - avslutta si teneste i Misjonssentralen Gjenbruk, var det 29 butikkar og 1300 friviljuge som drifta butikkane. (Frå 2015 heiter denne gjenbruksbutikk-kjeda NLM gjenbruk og fleire nye butikkar har kome til)

For mykje meir info om Bjorliheimen Hotell og Møtesenter, viser vi til den flotte heimesida deira!

Kontakt med Sveinung Lianes!
Tlf. 61245561/90770319. E-post: slianes@bjorliheimen.no  Nettside: www.bjorliheimen.no

Stor medieinteresse:

I mai i år hadde Bygdebladet ein fin reportasje om Bjorliheimen Hotell og Møtesenter. Denne ser du som pdf nedst på sida. 

Her er nokre tidlegare reportasjar: 

Privatpersoner leier hotell for å lage kristent møtesenter (Dagen, 19. juni 2014)

- Har tro på Bjorli (Åndalsnes Avis, 24. juli 2014)

Då står det berre att å ynskje Sveinung Lianes og Bjorliheimen Hotell og Møtesenter velkomen med på laget og no veit alle kvar den naturlege stoppestaden mellom aust og vest ligg!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove