Aksjon Dørbank - Vekst i Stordal
Arbeidshanskane er for lengst komne på plass!
Fotograf: Hallgeir Hove
Harald Espeland, flnakert av tidlegare ordførar Charles Tøsse og leiar for styringsgruppa, Olav Bratland fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det har vore fleire vellukka folkemøter. Her frå idedugnaden den 20. mars 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Harald syner fram vekstvenn-tavla. No er det kome på plass heile 41 vekstvenner og det kjem stadig nye på plass! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Geir Hoff ved møbelverksemda Sitwell mottek vekstvenn-diplomar (2014) fotograf Hallgeir Hove

Bli med på Aksjon Dørbank!

Saman med næringslivet, fylkeskommunen og Innovasjon Norge, skal Stordal kommune skape 75 nye arbeidsplasser i løpet av ein periode på 4 år. Prosjektet har - som kjent - fått namnet Vekst i Stordal og dei fleste har nok registrert at dette så langt har vore særs vellukka. Noko av det siste nye no, er altså tiltaket som har fått tittelen Aksjon Dørbank. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.05.2016

VEKST I STORDAL, EIN SUKSESS!
Saman med næringslivet, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge, skal Stordal kommune skape 75 nye arbeidsplasser i løpet av ein periode på 4 år. Prosjektet har - som kjent - fått namnet Vekst i Stordal og dei fleste har nok registret at dette så langt har vore særs vellukka. Dei mange oppslaga i media og den eine utnemninga av vekstvenn, etter den andre, er synlege bevis på dette. Vekstvenn vert du nemleg kvar gong du har etablert ein ny arbeidsplass i Stordal kommune. Du kan sjå mykje meir om dette på Vekst i Stordal si eiga side. M.a. vil du då sjå at SIMEK nyleg er kåra til Vekstvenn nr 41. Du kan lese meir om dei særs spanande planane knytta til landbasert oppdrett, kombinert med dyrking av salat o.l. og mykje, mykje meir. 

Eit anna bevis på at dette prosjektet er bra, er det faktum at fylkeskommunen har gått inn med ytterlegare 1,5 mill til det heile. Der skriv dei det slik:

"Frå krise til vekst i Stordal - Stordal kommune har gjennom omstillingsprosjektet Vekst i Stordal klart å snu ein negativ trend til vekst i bedriftsetablering og talet på arbeidsplassar. Møre og Romsdal fylkeskommune aukar prosjektstøtta med 1,5 mill. kroner."

Her er eit døme på dei mange reportasjane om ViS i media, under tittelen: Stordal held fram med å vekse

Tiltaka i Vekst i Stordal bygg i hovudsak på kvalitetane Stordal og lokalt næringsliv har frå før. Tiltak som koplar fleire verksemder saman og som gjev direkte eller indirekte sysselsettingseffekt hos fleire verksemder vert prioritert.

Her er dei 8 prioriterte satsingane:

- Utvikling og sysselsetjing i Øvre Stordal

- Utvikling og sysselsetjing på Dyrkorn

- Felles satsing på lokalmat

- Stimulering til sysselsetjing i etablerte bedrifter

- Knoppskyting frå etablerte bedrifter

- Legge til rette for nyetableringar

- Oppfølging av etablerte tiltak

- Være opne for nye idear

Du kan også sjå meir om Vekst i Stordal på Stordal kommune si heimeside

MEIR OM AKSJON DØRBANK (henta frå Vekst i Stordal si side)

"Gjennom «aksjon Dørbank» ønskjer vi å kome i kontakt med folk i Stordal for å kartlegge interessa for å bidra til å skape nye arbeidsplassar (verksemder) i kommunen. Kanskje finst det personar i Stordal som går med ein liten gründer i magen, men som treng litt hjelp for å kome i gang med å teste ut ideane sine? Det er svært ønskeleg for Vekst i Stordal (ViS) å kunna kome i kontakt med desse personane.


Vidare bur ein del personar i Stordal som har jobbane sine utanfor kommunen. Dersom tilsvarande/aktuelle arbeidsplassar vart skapt i Stordal, kan det då vere aktuelt å heller gjere seg nytte av slike tilbod? Vi ønskjer gjennom denne undersøkinga å kartleggje kva kompetanse som finst i Stordal som kan vere tilgjengeleg inn mot ny verksemd eller vidareutvikling av eksisterande næringsliv i Stordal."

Gjennom ei eiga web-løysing kan du - i ro og mak - gje tilbakemelding til Vekst i Stordal og dermed bidreg du også til at særs viktig og nyttig informasjon kjem inn.

Nøl heller ikkje med å ta kontakt med leiaren for prosjektet ViS direkte, om du har noko på hjertet. Harald Espeland er ein hyggeleg kar og ikkje minst særdeles dyktig!

UNGDOMEN OGSÅ MED!
Dei som deltek i sjølve aksjonen er, i tillegg til styret i ViS, kommunestyrerepresentantar og heile 9. klasse ved Stordal skule. Olav Bratland er leiar for styringsgruppa i ViS og han synest det er ekstra gledeleg at også elevene vil delta. Det syner at ungdomen viser stor interesse for videre vekst og utvikling i kommunen!

Elevane i 9. klasse har nyleg også vore med på ein ny vellukka gründercamp ved Stordal skule, der også ei av gruppene går vidare til ein innovasjonscamp-finale.

Sjå flott førehandsreportasje om aksjonen, i Storfjordnytt!

Aksjon Dørbank vil føregå i perioden 31. mai t.o.m 2. juni og då på tidlig kveldstid (ca 2 timar) dei tre dagane dette gjeld.

Sjølvsagt kan du fylje med på alt det spanande som skjer i ViS, også på facebook!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove