Blindheimsdamer også på nytt besøk

Blindheim IL 3. div damer på besøk søndag 6. januar - Klikk for stort bildeBlindheim IL 3. div damer på besøk søndag 6. januar Hallgeir Hove

Vi har nettopp lagt ut reportasje om hyggeleg besøk frå Ørskog Angels Cheerleading på søndag, men tru ikkje at det var dei einaste gjestane den 6. januar. Rett etter at "englane" var ferdige med si økt, kom 15 jenter frå Blindheim sitt damelag for å sparke i gong sesongen 2019, nettopp her hjå oss.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.01.2019

No er det heller ikkje første gongen Blindheim sine dugande fotballdamer er på besøk. Liknande opplegg vart også køyrd i januar 2018 og i tillegg til dei to laga kvittrøyene stilte med, hadde Stordal sitt damelag (som også skal spele i 3. divisjon i år, etter opprykket sist sesong) to lag og Stordal sitt G 14 stilte med eitt.  

Så vart det spela kampar i eitt sett, frå kl 16.30 til kl 19.30 og innimellom kampane kunne alle kose seg med sport på TV, frukt, pepperkaker, kaffe og saft. Eit veldig kjekt opplegg, som også våre gjestar frå Ålesund sette stor pris på.

Men tru ikkje at det var slutt då heller. Stordal sitt veteranlag i fotball held på med sine siste førebuingar før dei skal delta på uoffisielt NM i innandørsfotball (nok dei elles har gjort i 20 år no!) I tillegg til dei innfødde på dette laget, er det også i år spelarar med både frå Stranda (3), Ørskog, Skodje og Fiksdal/Rekdal. Kvar søndag frå starten av oktober har desse møttast i Stordalshallen for å førebu seg til siste helga i januar og som kjent hevdar dei seg godt der, trass i at dei er snart 10 år eldre enn dei dei spelar mot i si klasse, som er 50+. 

Men at det er noko som skjer i Stordalshallen, skal ingen vere i tvil om. Neste helg er det både Kick-off for Fjord kommune (på fredagskvelden) og på laurdag morgon kjem dei dyktige damene til FK Fortuna for sin kick off på sesongen 2019.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove