Blindheimsdamer på besøk

Blindheimsdamer på besøk, januar 2018 - Klikk for stort bildeBlindheimsdamer på besøk, januar 2018 Hallgeir Hove

Sist søndag, når Storfjord NTN Taekwon-do Klubb hadde fått pakka seg ut etter ei vellukka treningshelg, var det 14 jenter frå Blindheim sitt damelag i fotball som kom på besøk. Dei fekk matche seg mot Stordalsdamene (4. divisjon) og Stordal sitt G - 13 lag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2018

Blindheimsdamer på besøk, januar 2018 - Klikk for stort bildeBlindheimsdamer på besøk, januar 2018 Hallgeir Hove Blindheimsdamer på besøk, januar 2018 - Klikk for stort bildeBlindheimsdamer på besøk, januar 2018 Hallgeir Hove Blindheimsdamer på besøk, januar 2018 - Klikk for stort bildeBlindheimsdamer på besøk, januar 2018 Hallgeir Hove Blindheimsdamer på besøk, januar 2018 - Klikk for stort bildeBlindheimsdamer på besøk, januar 2018 Hallgeir Hove

Med Blindheim sine to lag, vart det då fire lag og då slik at Blindheim sine to lag spela mot begge dei to laga herifrå. Kampane gjekk over 25 minutt og det vart vist veldig bra spel av alle laga.

Innimellom kampane, vart det også tid til å innta litt frukt og ikkje minst få med seg storkampen mellom Liverpool og Manchester City på storskjerm i grendasalen.

Stordalsdamene er alt invitert til Blindheim, seinare i vinter, for å måle krefter med desse flinke fotballjentene på ny (dei var m.a. i Norway Cup - finalen for eit par år sidan, då i klasse J 16. Som kjent gjekk Stordal IL heilt til kvartfinalen i A-sluttspelet dei og. Det var i fjor)

 

For fleire bilder frå besøket, sjå galleri på Stordalshallen si facebookside

 

Vi takkar for triveleg besøk og ynskjer Blindheim IL velkomen tilbake ved seinare høve.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove