Blir det ny rekord dette året og?

Helselagsbasar april 2018.jpg - Klikk for stort bildeHelselagsbasar april 2018.jpg

Like sikkert som at påska kjem kvart år - sjølv om ikkje alle har vore like suverene som den vi no har lagt bak oss - er det at det er helselagsbasar første fredagen etterpå. Noko anna som nærast har vore like sikkert, er at det dugande helselaget vårt har klart å sette nye rekordar kvar einaste gong. Det er ganske enkelt imponerande.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.04.2019

Kva rekordar vi snakkar om? Jau, det omhandlar at laget maktar å hente inn eit enormt beløp og at dette aukar frå år til år. I 2017 var bruttresultatet på over kr 90.000, noko som altså vart slått året etter.

I morgon kveld går helselagsbasar nr 106 av stabelen og det i seg sjølv er såpass imponerande at det godt kunne ha vore via interesse både frå NRK og andre. Helselagsbasarane i Stordal er nemleg også det beste dømet på kva som er mulig å få til når alle gode krefter kjem saman og ynskjer å bygge eit lokalsamfunn!

Sjå gjerne våre tidlegare reportasjar om helselaget vårt, både dei som omhandlar dei flotte basarane og anna

Sjå eigen plakat vedr årets basar (PDF, 2 MB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove