Breidablikfesten, laurdag 28. oktober

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - arrangørane Hallgeir Hove

Det har ei tid blitt arbeidd med underhaldningsprosjektet "Breidablikfesten", som har til føremål å vekkje til live minne om aktivitetar og hendingar på det ærverdige ungdomshuset vårt på Øvrebust og lagsarbeidet til Stordal Ungdomslag (1893 – 1989).

Ein vil prøve å få fram stemningar og glimt av historia knytt til ungdomshuset. I programdelen vert det gjensyn med fleire av dei som stod på scena og dreiv lagsarbeidet siste tiåra av Breidablik-epoken. Det vert elles matservering og sjølvsagt dans etterpå. Det er berre å sette av datoen: Her ligg alt til rette for ein skikkeleg mimrekveld. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.09.2017

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - måleriet - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - måleriet Breidablikfesten 28. oktober 2017 - huset i dag - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - huset i dag Hallgeir Hove Breidablikfesten 28. oktober 2017 - frå bygdafest - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - frå bygdafest Reidar Opsal, Bygdebladet Breidablikfesten 28. oktober 2017 - avisreportasje 2014 (Bygdebladet, Ruth Janne Vinje) - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - avisreportasje 2014 (Bygdebladet, Ruth Janne Vinje)

Initiativ og førebuing ligg hos ein hovudkomité der dei fleste medlemene var aktive både i lagsarbeid og underhaldningstiltak på 70- og 80-talet. Programkomitéen har i stor grad henta stoff frå lagsbladet «Fram», som går attende til 1890-talet, til ulike sceneinnslag.  

Elles har ein samla deler av inventaret som var så karakteristisk på Breidablik, ikkje minst måleriet ("sceneteppet") med utsyn vestover Stordalsvika frå Breidablik. (av den folkejære målaren Jonas Peson) Vidare er det tanken å synleggjere utdrag av lagsbladet «Fram». Ein slik kveld vert det også naturleg å hugse på personar som gjekk i spissen for å få realisert planane om ungdomshuset, og dei som medverka til den store aktiviteten der.

Lukka lag
"Breidablikfesten" vil bli arrangert som eit lukka lag med påmelding. Det vert opna opp for påmelding i starten av oktober og her vil det vere lurt å vere tidleg ute med påmeldinga, då det vil vere eit begrensa antall gjestar ein kan ta imot.

 

For å halde deg oppdatert framover, kan du følgje med på facebooksida arrangørane har oppretta. Den har dei kalla Breidablikfesten 28. oktober 2017

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove