Breidabliks venner melder om god respons

Breidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat - Klikk for stort bildeBreidablikfesten 28. oktober 2017 - plakat

Det er i skrivande stund 19 dagar til Breidablikfesten 28. oktober 2017 og arrangørane melder om god respons frå såvel bygdafolk som andre. Det er tydeleg at det er mange som vil ha med seg denne festen, der det er ærverdige Breidablik og Stordal Ungdomslag, som skal stå i fokus. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.10.2017

Blant vennegjengen som har jobba i lang tid med å hente inn effektar frå "Huset", henta ut stoff frå dei unike "Fram-bøkene", drive med hemmelege filmopptak og førebudd det som skal skje på scena, finn vi også Johan Vinje og Kjell Nilsen. Sistnemnte er mannen bak den gode idéen og både han og Johan kan melde at det er mange som alt har sendt sms eller teke kontakt på anna vis for å melde seg på.  

I vår tidlegare førehandsreportasje, kan du sjå meir om Breidablikfesten 28. oktober 2017

Minner igjen også om at det vil vere lurt å halde seg oppdatert på arrangørane si eiga facebookside

Om noko skulle vere i tvil, er det i Stordalshallen det skal skje, men både dei mange effektane frå Breidablik og det som vil bli presentert frå både scene og skjerm, vil garantert bidra til at vi får god, gamal "Breidablik-stemning" denne laurdagskvelden!

Om du enno ikkje har meldt deg på, bør du snarast få gjort dette. Ring, eller send sms til:

Johan Vinje: tlf 90 64 13 68     eller       Kjell Nilsen: tlf 95 81 24 75

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove